Hopp til innhald

Belarus i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belarus

OffisieltBelarus

Belaruskaja Tele-Radio Kampanija
Uttakingar
Nasjonalt14
Internt2
Deltaking
Debutår2004
Deltakingar16
Beste resultat
Semifinalen4 (2007)
Finalen6 (2007)
Verste resultat
Semifinalen22 (2006)
Finalen24 (2010 og 2019)
Poeng
Semifinalane1 025
Finalane368
Totalt1 393

Belarus debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 og deltok i tevlinga kvart år fram til 2019. I 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronapandemien, og i 2021 vart Kviterussland diskvalifisert frå tevlinga, og seinare same år vart den belarusiske ålmennkringkastaren BTRK utestengd frå EBU. Belarus kan ikkje deltake i Eurovision Song Contest så lenge BTRK er utestengd, men landet kan i prinsippet deltake dersom ein annan belarusisk kringkastar tek over senderettane.

Belarus har i laupet av sine seksten deltakingar kvalifisert seg til finalen ved seks høge. Fyrste gongen var i 2007, då Dzmitry Kaldun og songen «Work Your Magic» enda på sjetteplass i finalen. Dette er framleis den beste plasseringa til Belarus i Eurovision Song Contest. Sist gong Belarus kvalifiserte seg til finalen, var i 2019.[1]

Det er den belarusiske rikskringkastaren BTRK som sender Eurovision Song Contest i Belarus, og som vel det belarusiske bidraget til Eurovision Song Contest. Belarus debuterte i 2004, same år som Den europeiske kringkastingsunionen innførte semifinalar i Eurovision Song Contest. Berre seks gongar har Belarus kvalifisert seg til finalen, sist gong i 2019, Den beste plasseringa kom i 2007, då Dzmitry Kaldun vart nummer seks i finalen. Den dårlegaste plasseringa kom i 2010 og 2019, då dei belarusiske bidraga hamna på 24.-plass.

I 2017, valde Belarus for fyrste gong eit bidrag på belarusisk, då Naviband og songen «Historyja majho zjytstsia» vann den nasjonale finalen. I den internasjonale finalen fekk songen engelsk tittel, men teksten var på belarusisk.[2]

Bråk om vinnarar

[endre | endre wikiteksten]

Belarus har fleire gongar vekt oppsikt for si kronglete og til tider farse-liknande nasjonale tevling, Eurofest. I 2012 vart vinnaren av Eurofest, Alena Lanskaja, diskvalifisert etter påstandar om at produsenten hennar hadde rigga telefonrøystinga. Ei gransking viste at påstandane var sanne, og Lanskaja vart diskvalifisert. I staden fekk andreplassen, Litesound, representere Belarus i Baku.[3][4] I 2005 bytta plutseleg Andzjalika Ahurbasj ut låten «Boys And Girls» med «Love Me Tonight» etter laber mottaking frå sjåarar og fans. Også i 2010 og 2011 vart dei opprinnelege songane bytta ut med nye.[5] Fleire gongar har også den omstridte presidenten til Kviterussland, Aljaksandar Lukasjenka, blanda seg inn i planlegginga av den nasjonale uttakinga.[6][7]

Før Eurofest 2018 kom det fram at eitt av bidraga hadde vore framført offentleg allereie i mai 2017 - før tidsfrista til EBU 1. september 2017. Det dreia seg om artisten Alekseev, som hadde framført ein russisk versjon av bidraget «Forever» i Stavropol, og opptak av framsyninga dukka opp på det russiske nettsamfunnet VK.[8] Seks deltakarar i den belarusiske finalen trua med å trekkje seg om «Forever» fekk lov til å deltake, og ein av deltakarane, Sofi Lapina, endte med å faktisk trekkje seg.[9][10] Til slutt avgjorde BTRK at songen skulle få deltake, etter å ha gjennomgått enkle justeringa i melodi og arrangement. «Forever» endte opp med å vinne den belarusiske finalen.[11]

Strid rundt 2021-bidraget

[endre | endre wikiteksten]

Valet av det belarusiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021, Galasy ZMesta og songen «Ja nautsju tebja», møtte sterk kritikk frå fan-pressen og menneskerettsgruppar. Kritikarane meinte den belarusiske kringkastaren BTRK bevisst hadde vald ein regime-vennleg deltakar som «dansar etter myndigheitene si pipe».[12] Etter presidentvalet i 2020 var det vedvarande protestar og demonstrasjonar mot sitjande president Aleksandr Lukasjenko. Valresultatet og gjennomføringa av valet har blitt kraftig kritisert av opposisjonen og internasjonale organisasjonar, og motstanden mot Lukasjenko auka kraftig i vekene etter valet. Trass den massive motstanden, nekta Lukasjenko å gje frå seg makta eller skrive ut nyval.

Delar av Eurovision-pressen meinte det belarussiske bidraget var vald for å støtte Lukasjenko. Gruppa Galasy ZMesta hadde offentleg kritisert demonstrasjonane og gjeve støtte til presidenten.[13] Nettstaden Eurovoix.com kritiserte teksta til bidraget og omtala den som «ei sterk støtte for ein regjeringsagenda som kneblar sine innbyggjarar og fengslar sine journalistar for å snakke ut om sakar rundt grunnleggjande menneskerettar».[12] Nettstaden kunngjorde samtidig at dei ikkje kom til å rapportere noko meir rundt deltakinga til Belarus i 2021 og oppfordra andre nettstadar til å gjere det same.[12]

Parallelt med dette har fleire menneskerettsgruppar, fans og politiske myndigheiter kravd at Belarus måtte bli diskvalifisert frå tevlinga.[14][15] Blant anna vart det starta fleire underskriftskampanjar for å få EBU til å utestengje Belarus.[16] Den svenske kringkastaren SVT avgjorde samtidig å utestengje den belarusiske juryen som skulle ha røysta i Melodifestivalen på grunn av «situasjonen i landet». Den belarusiske juryen vart i staden erstatta av ein britisk jury.[17][18]

11. mars kunngjorde EBU av det belarusiske bidraget ikkje var i tråd med tevlingsreglane, og at songen utfordra «den ikkje-politiske naturen» til Eurovision Song Contest. EBU konkluderte med at bråket rundt songen risikerte å sverte ryktet til Eurovision Song Contest, og sa at songen ikkje kunne tillatast i den noverande forma si. I staden måtte BTRK endre bidraget eller sende inn eit nytt bidrag, elles ville Belarus bli diskvalifisert frå tevlinga.[19][20][21][22] 26. mars vart Kviterussland diskvalifisert frå tevlinga, då det nye bidraget heller ikkje var i tråd med tevlingsreglane.[23]

Utestenginga frå tevlinga

[endre | endre wikiteksten]

I etterkant av Eurovision Song Contest 2021 auka presset på EBU om å vurdere medlemskapet til BTRK i unionen. Eit medlemskap i EBU krev at kringkastaren har ein viss demokratisk og redaksjonell fridom, utan kontroll og direkte inngripen frå den politiske leiinga i landet.[24] Berre dagar etter tevlinga vedtok EBU å stengje ute BTRK med verknad frå juli 2021.[25] Dimed mista kringkastaren tilgangen til Eurovisions-nettet, inkludert rettane til å sende idrettsarrangement, nyheitsutveksling og kultur. Dette omfattar og retten til å sende og deltake i Eurovision Song Contest og Junior Eurovision Song Contest.[26] Utestenginga varar fram til 2024.[24]

Dersom Belarus igjen skal kunne deltake, må anten BTRK bli gjenoppteken som EBU-medlem, eller så må ein annan av dei belarusiske kringkastarane bli medlem av kringkastingsunionen og overta rettane til å sende Eurovision Song Contest.

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2004Aleksandra & Konstantin«My Galileo»EngelskIkkje kvalifisert1019
2005Anzjalika Ahurbasj«Love Me Tonight»Engelsk6713
2006Palina Smolava«Mum»Engelsk1022
2007Dzmitryj Kaldun«Work Your Magic»Engelsk14561764
2008Ruslan Aljakhno«Hasta La Vista»EngelskIkkje kvalifisert2717
2009Pjotr Jalfimaw«Eyes That Never Lie»Engelsk2513
20103+2«Butterflies»Engelsk1824599
2011Anastasija Vinnikava«I Love Belarus»EngelskIkkje kvalifisert4514
2012Litesound«We Are the Heroes»Engelsk3516
2013Alena Lanskaja«Solayoh»Engelsk4816647
2014TEO«Cheesecake»Engelsk4316875
2015Uzari og Maimuna«Time»EngelskIkkje kvalifisert3912
2016IVAN«Help You Fly»Engelsk8412
2017Naviband«Story of My Life»Belarusisk83171109
2018Alekseev«Forever»EngelskIkkje kvalifisert6516
2019ZENA«Like It»Engelsk312412210
2020VAL«Da vidna»BelarusiskAvlyst
2021Galasy ZMesta«Ja nautsju tebja»RussiskDiskvalifisert
«Pesnja pro zajtsev»Russisk

Røystegjeving (2004-2019)

[endre | endre wikiteksten]

Belarus har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Russland166
2 Ukraina126
3 Aserbajdsjan71
4 Noreg66
5 Sverige53
Belarus har fått flest poeng frå
#LandPoeng
1 Ukraina50
2 Russland41
3 Aserbajdsjan32
4 Georgia31
5 Moldova26

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]

Belarus har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Ukraina89
2 Litauen65
3 Georgia54
4 Moldova53
5 Israel52
Belarus har fått flest poeng frå
#LandPoeng
1 Ukraina105
2 Litauen71
3 Georgia56
4 Moldova51
5 Russland48
  1. «Belarus – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 14. desember 2016.
  2. «About Naviband». www.eurovision.tv. Henta 1. april 2017.
  3. Łukasz Grajewski (25. februar 2012). «Belarus: Who Stole Eurovision National Finals». Eastbook.eu. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 14. desember 2016.
  4. Olena Omeljantsjuk (24. februar 2012). «Litesound as new Belarusian representative in Baku». eurovision.tv. Henta 14. desember 2016.
  5. Charlotte Jensen (26. november 2013). «60 songs received in Belarus». eurovisionary.com. Henta 14. desember 2016.
  6. Harry Darby (22. mai 2009). «Belarus president criticises team». esctoday.com. Henta 14. desember 2016.
  7. «Lukashenka recognizes vote rigging at national selection contest». Belsat. 27. februar 2012. Henta 14. desember 2016.
  8. Adams, William Lee (10. januar 2018). «Forever (and Before): Should Belarus disqualify Alekseev over earlier performances of song submission?». wiwibloggs. Henta 24. februar 2018.
  9. «Finalists threaten to withdraw if Alekseev is allowed in national final». wiwibloggs (på engelsk). 15. januar 2018. Henta 4. mars 2018.
  10. «Sofi Lapina withdraws from Belarus' national selection over Alekseev». wiwibloggs (på engelsk). 16. januar 2018. Henta 4. mars 2018.
  11. https://eurovoix.com/2018/02/23/belarus-ebu-alekseev-eurovision-2018/
  12. 1 2 3 «Eurovoix's Statement on the Participation of Belarus at the Eurovision Song Contest». Eurovoix (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021.
  13. «Belarus: Galasy ZMesta will sing "Ya nauchu tebya" at Eurovision 2021». wiwibloggs (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021.
  14. «🇧🇾 A new petition to disqualify Belarus from Eurovision 2021 hits 1000 signatures». ESCXTRA.com (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021.
  15. «🇧🇾 Campaign urges EBU to remove Belarus from Eurovision 2021». ESCXTRA.com (på engelsk). 23. januar 2021. Henta 10. mars 2021.
  16. «Belarus withdrawal from Eurovision 2021». Change.org (på engelsk). Henta 10. mars 2021.
  17. «Melodifestivalen 2021: SVT replaces Belarus on international jury panel citing the "current situation"». wiwibloggs (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021.
  18. Radio, Sveriges. «SVT backar – tar bort Belarus från juryn - Kulturnytt i P1». sverigesradio.se (på svensk). Henta 10. mars 2021.
  19. «Latest news: EBU statement on Belarusian entry». www.eurovision.tv. 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.
  20. «Belarus' Eurovision 2021 Entry Faces Disqualification Unless It Is Modified». wiwibloggs (på engelsk). 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.
  21. «Belarus Eurovision song rejected due to political lyrics». DW.COM (på engelsk). Deutsche Welle. 12. mars 2021. Henta 12. mars 2021.
  22. Hagen, Knut-Øyvind (12. mars 2021). «Hviterussland kan bli disket fra Eurovision Song Contest». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. mars 2021.
  23. «EBU statement on Belarusian participation». eurovision.tv. EBU. 26. mars 2021. Henta 26. mars 2021.
  24. 1 2 «Belarus: BTRC suspension from the European Broadcasting Union set to expire in 2024». wiwibloggs (på engelsk). 27. august 2021. Henta 29. august 2021.
  25. Union (EBU), European Broadcasting (28. mai 2021). «EBU Executive Board agrees to suspension of Belarus Member BTRC». www.ebu.ch (på engelsk). Henta 29. august 2021.
  26. «Belarus: EBU expels BTRC from union - Belarus no longer eligible to compete in Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 30. juni 2021. Henta 29. august 2021.