Kviteseid bygdetun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kviteseid bygdetun
Foto: Vidar Iversen
Utsondhalli frå 1979

Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste bygdetuna i Noreg, og det feira 100-årsjubileum i 2007. Bygdetunet ligg attmed Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Dette området ovanfor Kviteseidbukti ved Kviteseidvatnet ber fleire teikn på tidleg busetnad og handelsplass med vassvegar og dalsøkk som møtest. Bygdetunet ligg ved riksveg 41, der bakkane Kviteseidkleivan opp mot Vrådal byrjar, og omtrent 7 kilometer frå Kviteseid sentrum.

Sjølve bygdetunet utgjer tolv bygningar som er flytta til bygdetunet frå ulike gardar i distriktet gjennom heile 1900-talet. I 1979 vart det bygd ei utstilling- og informasjonshall kalla Utsondhalli. Denne vart bygd for å kunna ha eiga utstilling for skulpturane til Gunnar Utsond, som vart skjenka til Kviteseid kommune og bygdetunet nokre år tidlegare. Seinare har halla også vorte brukt til andre årlege gjesteutstillingar. Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå kring år 1260 som ligg på opphavleg grunn like ved bygdetunet.

Museet held ope alle dagar i sommarmånadene, og det vert arrangert fleire arrangement og aktivitetar på bygdetunet gjennom sommaren. Bygdetunet er i dag eigd av Kviteseid kommune og er styrt av eit eige styre nemnt opp av kommunen. Kviteseid Bygdetun er også ei eining i stiftinga Vest-Telemark Museum, som står for den daglege drifta, administrasjonen og vedlikehald av bygdetunet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kviteseid bygdetun