Kvithaketornskrikje
| Kvithaketornskrikje | |
Kvithaketornskrikje | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av Kvithaketornskrikje | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Omnfuglar Furnariidae |
| Slekt: | Pseudoseisura |
| Art: | Kvithaketornskrikje P. gutturalis |
| Vitskapleg namn | |
| Pseudoseisura gutturalis | |
Kvithaketornskrikje (Pseudoseisura gutturalis) er ein fugleart i omnfuglfamilien Furnariidae. Arten er endemisk for Argentina.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Kvithaketornskrikja er 22 til 23 cm lang og veg 63 til 79 gram og er med det ein av dei største omnfuglane. Begge kjønn har same fjørdrakt med ein liten fjørtupp på hovudet. Vaksne av nominatformen har ein kvit augering og lyse fjører ved nebbet på eit elles mørkebrunt grått ansikt. Krona og oversida er også mørkebrunt grå. Vengene er for det meste den same mørkebrune gråfarga, men har litt lysare kantar på dekkfjærene og flygefjørene. Halen er mørk gråsvart med svakt lysare kantar, og halefjørene har få fjørtrålar i tuppa. Strupen er kvit med eit svart felt nedst. Brystet og buken er lysare brungrå enn ryggen, med gråkvite tuppar på mange fjører som gjev eit «frostaktig» utsjånad. Undergumpen og underhaledekkfjørene er noko lysare enn brystet og buken. Irisen er gul til kremfarga eller mørk brun, overnebbet er mørk grått, undernebbet er bleikt blåleg med ein mørkgrå tupp, og beina og føtene er grå. Ungfuglar har noko lys marmorering eller tverrstriper på undersida. Underarten P. g. ochroleuca er lysare og meir sandfarga enn nominatformen.[1]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Underarten P. g. ochroleuca finst i Nordvest-Argentina, medan nominatforma held til i sentrale Argentina. Den geografiske grensa eller overlappingsområdet mellom dei to er uklart. Arten lever i generelt karrige landskap som tørr krattskog i låglandet og i fjellrike daler. I nord slår han også i skogsområde dominert av Prosopis-tre. Høgdeintervallet for arten strekkjer seg frå havnivå til 2 900 moh.
Kvithaketornskrikja er standfugl og held seg i området sitt året rundt.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Kvithaketornskrikja lever hovudsakleg av leddyr. Ho leitar vanlegvis etter mat i par eller små grupper som kan vere familieeiningar. Ho søkjer mest på bakken ved å plukke, grave og undersøkje jorda. Ho er også observert i kaktusstammar.
Reproduksjon
[endre | endre wikiteksten]Kvithaketornskrikja hekkar i den australe våren og sommaren; egg er funne frå november til februar, og ungar i november og desember. Arten truleg er monogam. Reiret er ei stor samling kvister, omtrent halvannan gong så langt som det er breitt, med ein inngangstunnel på oversida og eit indre kammer fora med gras og små kvister. Reiret blir plassert på ei horisontal grein, vanlegvis i ein busk mellom 1 og 3 meter over bakken. Kullet består av tre til fem egg. Rugetida er omtrent 18 dagar, og ungane forlèt reiret cirka 21 dagar etter klekking.
Vokalisering
[endre | endre wikiteksten]Songen åt kvithaketornskrikja er svært høg; det blir sagt at ho kan høyrast nesten 2 km unna. Songen blir skildra som ein «kakofonisk eksplosjon av varierte, harde, skingrande tonar» og blir ofte sungen i duett.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er byggjer på «White-throated cacholote» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2025
- ↑ Remsen, Jr., J. V. (2024). White-throated Cacholote (Pseudoseisura gutturalis), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, E. de Juana, og M. G. Smith, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whtcac2.01.1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Kvithaketornskrikje hos Artsdatabanken
- (en) Kvithaketornskrikje i Catalogue of Life
- (en) Kvithaketornskrikje i Encyclopedia of Life
- (en) Kvithaketornskrikje i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Kvithaketornskrikje hos ITIS
- (en) Kvithaketornskrikje hos NCBI
- (en) Kategori:Pseudoseisura gutturalis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pseudoseisura gutturalis – detaljert informasjon på Wikispecies