Kvithaleinka
Kvithaleinka | |
![]() Illustrasjon av Louis Agassiz Fuertes, 1899 | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Kvithaleinka | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Slekt: | Coeligena |
Art: | Kvithaleinka C. phalerata |
Vitskapleg namn | |
Coeligena phalerata |
Kvithaleinka (Coeligena phalerata) er ein kolibri med utbreiing utelukkande i Sierra Nevada de Santa Marta i nordlege Colombia, og der avgrensa til høgder frå 1400 til 3700 moh.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Kvithaleinkaen er ein stor kolibriart, ca. 14 cm i kroppslengd, og kjønna har særs stor skildnad i fjørdrakt, til dømes er det berre hannfuglen som har kvit hale. Hannen har dessutan turkis iriserande panne og mørkeblå strupeflekk, og kroppen elles i metallisk grønt. Hoa har overside i lysare, skinande grønt, krona meir uklår blågrøn og undersida kanelfarga. Ho har ein bronsjefarga hale og har dessutan monaleg lengre nebb enn hannen. Begge kjønna har kløfta hale, men det er mest framtredande hos hannfuglane.
Hekkeområdet for arten er på ca. 4,700 km2 i alpin, fuktig skog. Dei beitar nektar på fuksiablomar, bananblomar og andre, og dei kan plukke ulike små leddyr frå blader og ved å snappe dei i flukt.
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, og er trudd å vere minkande. Arten er kategorisert som livskraftig av IUCN.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Züchner, T. & Boesman, P. (1999). White-tailed Starfrontlet (Coeligena phalerata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. juni 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Coeligena phalerata. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. juni 2015
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
