Kvithalsfrøetar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvithalsfrøetar
Kvithalsfrøetar
Kvithalsfrøetar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvithalsfrøetar
Utbreiinga av kvithalsfrøetar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Sporophila
Art: Kvithalsfrøetar S. torqueola
Vitskapleg namn
Sporophila torqueola

Kvithalsfrøetar (Sporophila torqueola) er ein liten representant frå den biologiske slekta Sporophila i tanagarfamilien. Denne frøetararten er endemisk for Mexico.

Fram til 2018 var kvithalsfrøetar og kvitkragefrøetar (Sporophila morelleti) rekna som sama arten, men er no splitta i to artar.[1] Kvithalsfrøetar har underartane torqueola og atriceps.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein liten til mellomstor frøetar, ca. 9,5–11 centimeter i kroppslengd. Hannar har kanelraud farge på undersida og overgumpen. Hoa sin fjørdrakt er brungul. Begge kjønn manglar kvitt vengespegl som kvitkragefrøetar har. Desse fuglane finst berre i Mexico, på sørspissen Californiahalvøya og langs sørlege delar av Mexico mot stillehavskysten.

Habitat for kvithalsfrøetarar ligg i tropiske og subtropiske grassletter, fuktige savannar med høgt gras, men kan òg finnast på beitemarker. Dei kan beite frå havnivået og opp til over 2000 moh.[2]

Kvithalsfrøetarar et hovudsakleg grasfrø, og nokon gonger insekt og bær.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. The Cornell Lab, eBird/Clements Checklist v2018 Updates & Corrections – August 2018 Henta 18. oktober 2023
  2. 2,0 2,1 Adel, F., K. J. Burns, J. C. Eitniear, J. D. Rising, and C. J. Sharpe (2020). Cinnamon-rumped Seedeater (Sporophila torqueola), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whcsee2.01 Henta den 18. oktober 2023
  3. BirdLife International (2023) Species factsheet: Sporophila torqueola. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. oktober 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvithalsfrøetar