Kvitkronesporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvitkronesporv

Status i verda: LC Livskraftig

Kvitkronesporv Foto: Wolfgang Wander
Kvitkronesporv
Foto: Wolfgang Wander
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passerellidae
Slekt: Zonotrichia
Art: Z. leucophrys
Namn på andre språk
  • Engelsk: White-crowned sparrow
  • Vitskapleg namn
    Zonotrichia leucophrys

    Kvitkronesporv (Zonotrichia leucophrys) er ein fugl i amerikasporvfamilien, passerellidae med utbreiing avgrensa til Nord-Amerika. Karakteristisk for arten er kvit krone og svarte og kvite striper på hovudet.

    Det vitskaplege namnet er frå gamalgresk. Slektsnavnet Zonotrichia kjem av 'sone', «band» og 'thrix', 'trikos', «hår», og artsnamnet leucophrys er frå 'leukos', «kvitt» og 'ophrus', «augebryn».[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    ██ Hekkeområde██ Trekkområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring

    Denne arten er ein mellomstor medlem av amerikasporvfamilien, 14-17 centimeter i kroppslengd. Vaksne fuglar har ei karakterisktisk kvit krone frå nebb til bakhovud, omkrinsa av svarte striper, eit kvitt felt mellom denne og ei svart augestripe som går mot nakken. Hovud, nakke, strupe og hals under augestripa er grått, undersida grå med svake brunraudestreker på sidene. Oversida er brunstripa, halen lang. Vengene er brune med smale kvite vengeband. Nebbet deira er rosa eller gult.[2] Dei liknar på kvitstrupesporv, men har ikkje kvitt strupeområde og ikkje kraftig gult område mellom nebb og auge.

    Han hekkar i område på taiga og tundra med krattskog i dei nordlegaste delane av kontinentet, samt i Rocky Mountains og langs stillehavskysten. Medan sørlege bestandar i Rocky Mountains og kysten stort sett er standfuglar, er hekkepopulasjonane i den nordlege delen av utbreiingsområdet trekkfuglar og kan sjåast som overvintrande eller på trekk gjennom det meste av Nord-Amerika sørover til det sentrale Mexico.

    Det er for tida fem anerkjente underartar av kvitkronesporv med varierande hekkeutbreiing og trekkvegar. Underarten i California er standfugl.[2]

    Desse fuglane beitar på bakken eller i låg vegetasjon, men tar nokre gongar på vengene for å fange flygande insekt. Dei et hovudsakleg frø, andre plantedelar og insekt. Under trekket beitar dei ofte i flokkar.[2]

    Kvitkronesporvar hekkar enten lågt i buskar eller på bakken under buskar og legg tre til sju, typisk fem brun til raudflekka bleike eller grønnblå egg.

    Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Spontant i Noreg

    Eit individ av arten er registrert på Ona i Sandøy kommune, Møre og Romsdal i oktober 2009, ein annan i Askvoll i Sogn og fjordane i mai 2019.[4] Dei er òg sjeldne streiffuglar til Grønland, Island, Irland, Storbritannia og andre land i Vest-Europa.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 224, 414. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    2. 2,0 2,1 2,2 Rising, J. (2019). White-crowned Sparrow (Zonotrichia leucophrys) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2019
    3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Zonotrichia leucophrys. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. september 2019
    4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 14. september 2019. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitkronesporv