Kvitkurle
Kvitkurle | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Pseudorchis | ||
Art: | P. albida | ||
Vitskapleg namn | |||
Pseudorchis albida
(Linné) Á.Löve & D.Löve
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik grasmark | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Kvitkurle (Pseudorchis albida) er ein plante i kvitkurleslekta Pseudorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Kvitkurle er ei lita gulgrøn plante som kan blir om lag 25 centimeter høg. Planta har små kvite blomar med tredelt leppe i eit smalt aks. Sideflikane på leppa er smalare og kortare enn midtfliken.
Systematikk[endre | endre wikiteksten]
Kvitkurle var tidlegare knytt til slektsnamnet Leucorchis,[2] men blir no rekna til slekta Pseudorchis.[3][4] Kvitkurle og den nære slektningen fjellkvitkurle har til tider vore rekna som eigne artar under dei to slektsnamna, til andre tider som underartar, då med kvitkurle som nominatunderarten ssp. albida.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
I Noreg veks kvitkurle helst på gammal beitemark og slåttemark i høgareliggjande område, men har òg funne seg til rette i somme lågareliggjande habitat. Arten har eit tyngdepunkt i Midt-Noreg.[5] Planta står på Norsk raudliste for artar, og er i 2021 oppgradert frå nær truga til sårbar (VU).[6]
Arten finst òg i Sverige (EN) (svensk namn: «vityxne»)[7] og i Danmark («sjælden») (dansk namn: «hvid sækspore»).[8]
Kvitkurle (engelsk namn: «small white orchid») veks spreidde stader på Dei britiske øyane, mest i nord, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[10] Lokalt er han sårbar (VU) i England og i Skottland,[11][12] men kritisk truga (CR) i Wales.[13] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015,[14] og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).[15]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar kvitkurle». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 734. ISBN 82-521-3754-7.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 915–917. ISBN 978-82-521-6029-1.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre kvitkurle». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Artskart: Kvitkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Raudlista: Kvitkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Artfakta naturvård: Pseudorchis albida vityxne». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Hvid Sækspore Pseudorchis albida». Naturbasen. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «S.I. No. 356/2015 - Flora (Protection) Order, 2015.». Irish Statute Book. 2015. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (no) Kvitkurle hos Artsdatabanken
- (en) Kvitkurle i Encyclopedia of Life
- (en) Kvitkurle i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kvitkurle hos Dyntaxa
- (en) Kvitkurle hos ITIS
- (en) Kvitkurle hos NCBI
- (en) Kvitkurle hos The International Plant Names Index
- (en) Kvitkurle hos Tropicos
- (en) Kategori:Pseudorchis albida – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pseudorchis albida – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pseudorchis albida – detaljert informasjon på Wikispecies