Kvitkurleslekta
Utsjånad
| Kvitkurleslekta | |||
| Systematikk | |||
| Rike: | Planteriket | ||
| Klasse: | Einfrøblada | ||
| Orden: | Aspargesordenen | ||
| Familie: | Orkidéfamilien | ||
| Slekt: | Pseudorchis | ||
| Artar i Noreg | |||
| |||
| Vitskapleg namn | |||
| Pseudorchis
Ség. | |||
| Økologi | |||
| Utbreiing: | Eurasia | ||
Kvitkurleslekta (Pseudorchis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]På verdsbasis har kvitkurleslekta berre dei to artane som lever i Noreg.[2] Dei var tidlegare knytte til slektsnamnet Leucorchis,[3] men blir no rekna til slekta Pseudorchis.[4][5]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet Pseudorchis er laga ut frå det greske førestavinga psevdo- (ψευδο-), som tyder falsk, og slektsnamnet Orchis, altså «falsk orkidé».
Artar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Artsdatabanken opererer med to artar i Noreg:[5]
- kvitkurle (P. albida)
- fjellkvitkurle (P. straminea)
Av desse er kvitkurle teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[6]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Kvitkurleslekta». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «PoWO: Pseudorchis». Plants of the World Online. Henta 28. februar 2022.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 734. ISBN 82-521-3754-7.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 915–917. ISBN 978-82-521-6029-1.
- 1 2 «Artsdatabanken: Namnetre kvitkurleslekta». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Raudlista 2021: Kvitkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) kvitkurleslekta hos Artsdatabanken
- (en) kvitkurleslekta i Catalogue of Life
- (en) kvitkurleslekta i Encyclopedia of Life
- (en) kvitkurleslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kvitkurleslekta hos Dyntaxa
- (en) kvitkurleslekta hos ITIS
- (en) kvitkurleslekta hos NCBI
- (en) kvitkurleslekta hos Plants of the World Online
- (en) kvitkurleslekta hos The International Plant Names Index
- (en) kvitkurleslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Pseudorchis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons