Kvitlauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvitløk)
Kvitlauk
Kvitlauk
Kvitlauk
Status
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Kvitlauk A. sativum
Vitskapleg namn
Allium sativum

Kvitlauk (Allium sativum) er ei fleirårig plante i påskeliljefamilien. Ho er ei mykje omtykt mat- og medisinplante som er nærskyld med kepalauk (vanleg lauk), sjalottlauk, purrelauk og bjørnelauk. Kvitlauk stammar frå Sentral-Asia, men veks ikkje vilt. Ein reknar med at han er vorten dyrka fram, truleg frå arta A. longicuspis.[1] Lauken til kvitlauk kan bli brukt som grønsak og krydder. Laukdelen har ofte fleire sidelaukar, kalla fedd eller kløfter, men finst òg som heil lauk i varianten kinesisk kvitlauk eller hovudkvitlauk. Ein annan type kvitlauk, elefantkvitlauk, høyrer til ei anna art (A. ampeloprasum).

Skisse av kvitlauk frå Medical Botany (1793) av William Woodville.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Heile og delvis skrelde kvitlaukar.
Topplauk.

Kvitlauksplanta blir 20-60 cm høg. Ho veks frå eitt fedd som kan plantast om hausten i kaldt klima; i varme kan ho plantast heile året. Planta trivst på ein solrik veksestad med veldrenert, næringsrik jord. Stilkane kan bli lange og tynne og kan byrja å krølla seg; desse kan ein klippa av og bruka som vår- eller graslauk. Planta kan danna ein topplauk på stilken som ein klipper av ved dyrking, denne kan òg bli brukt som mat eller medisin. Lauken kan brukast fersk eller plukkast etter blomstring og bladvisning og turkast. Den ferske kvitlauken har mildare smak enn han som er turka.

Lauken er kvit eller gulkvit inni og kan ha skal som er heilt kvitt, rosa/lilla eller med striper av desse fargene. På varieteten A. sativum var. sativum er heile lauken dekt av eit turt, papirvore skal; i tillegg kan kvart fedd ha skal. Blada eller stilkane er mjuke og kan bli brukte til å fletta saman fleire kvitlaukar. Denne typen kvitlauk blir somtid òg kalla soft-neck. Slangekvitlauk eller hard-neck (A. sativum var. ophioscorodon) har hardare stilkar som ikkje kan flettast og har ikkje ytterskal kring heile lauken. Denne lauken har få store fedd som ligg i ein enkel krans kring midtstengelen. Hjå soft-neck ligg det fleire små fedd inst.

I norsk natur[endre | endre wikiteksten]

Det har vore registrert eit par einskildfunn av forvilla kvitlauk i norsk natur.[2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kvitlauk er mykje brukt innan asiatisk og søreuropeisk matlaging. Kvitlauk kan bli hakka, pressa i kvitlaukspresse eller brukt heil. Han blir brukt i supper, sausar og mange andre retter. Ein kan grilla eller baka heile fedd, eller ein kan bruka kvitlauk til røyking eller sylting.

I folkemedisinen har kvitlauk vore brukt mot vanskar med matmelting, åreforkalking, forkjøling, mot orm og som afrodisiakum. I moderne alternativ medisin bruker ein ofte kvitlauk som eit element i antibiotikabehandling. Mange meiner òg at kvitlauk styrkjer immunforsvaret.

Innan populærkulturen er kvitlauk kjend som eit middel mot vampyrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salunkhe, D.K.; Kadam, S.S., red. (19. mars 1998). Handbook of Vegetable Science and Technology: Production, Composition, Storage, and Processing. Marcel Dekker (publisert March 19, 1998). s. 397. ISBN 978-0-8247-0105-5. 
  2. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1148. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvitlauk