Kvitnes i Berlevåg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvitnes er eit fråflytta fiskevær i Berlevåg kommune i Troms og Finnmark[1] og er i dag eit hytteområde. Det ligg i Kvitnesbukta, kring 13 km i luftlinje frå Berlevåg sentrum.
I likskap med Gulgofjorden har ikkje staden vegsamband, men han er tilgjengeleg med båt. Det finst òg ein 6 km lang oppmerka tursti frå næraste bilveg til staden.
Historie[endre | endre wikiteksten]
På det meste husa fiskeværet 300 menneske og staden hadde før fiskebruk, butikkar og telegraf. Fiskeværet hadde permanent busetjing fram til sommaren 1957[2]. I dag er det gjort om til eit hytteområde.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Fiskeværet Kvitnes , fiskeindustri», digitaltmuseum.no, henta 29. desember 2019
- ↑ Kystreise (på engelsk), henta 29. desember 2019