Hopp til innhald

Kvitrote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tverrsnitt av eit tre med kvitrote.

Kvitrote er ein type sopprote som angrip cellulosen og ligninet i ved. Veden blir broten ned til ein finare fiberstruktur og blir svakare. Samstundes blir han bleik eller kvit på farge.[1]

Cellulosen og ligninet blir angripne samtidig, og stort sett med same fart. Under roteåtaket blir fargestoff og pigment angripne slik at treet blir bleikt eller kvitt, noko som har gitt opphav til namnet.[1]

Svært mange av dei kjukene eller poresoppane ein ser i skogen på daude tre eller stammer står bak kvitrote. Nokre døme er sinoberkjuke, raggkjuke, labyrintkjuke og knuskkjuke.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «hvitråte, kvitråte» (23. desember 2020) av Leif Ryvarden i Store norske leksikon, snl.no.