Kvitryggskjeggfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitryggskjeggfugl
Akvarell av Romain Risso
Akvarell av Romain Risso
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Kvitryggskjeggfugl
Utbreiinga av Kvitryggskjeggfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Amerikanske skjeggfuglar Capitonidae
Slekt: Capito
Art: Kvitryggskjeggfugl C. hypoleucus
Vitskapleg namn
Capito hypoleucus

Kvitryggskjeggfugl (Capito hypoleucus) er ein sårbar fugleart i den biologiske familien amerikaskjeggfuglar, Capitonidae. Han er endemisk for Colombia der han lever i små, fragmenterte habitat.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvitryggskjeggfuglar har kroppsform typisk for skjeggfuglar: litt rund kroppsbygging med relativt stort hovud, kraftig nebb, kort hals, relativt liten hale og ei kroppslengd på totalt ca. 18 til 19 centimeter. Dei skil seg ut frå andre skjeggfuglar i Capio-slekta ved at nebbet er bleikt, hornfarga med mørkare blåleg tupp, der andre har einsfarga nebb. Fjørdrakta åt kvitryggskjeggfuglar har grovt rekna mørk, blåsvart overside og lys underside og mørkeraud panne. Arten har namn etter det kvite feltet sentralt på hovudet og bakover sentrale nakke, skuldrer og framrygg. Andletet er svart, strupen heilt kvit og undersida elles kvitgul. Dei har eit brungult brystband som kan vere særs diffust, og ungfuglar manglar bandet heilt. Det finst små skilnader i fjørdrakta mellom dei tre underartane og mellom kjønna. Lætet er eit langt hest skrik som blir gjentatt i litt stigande tempo.

Utbreiingsområdet er i hovudsak todelt, eit i langs austre dalsida av sentrale Andes, frå Antioquia til Tolima. Det andre området er vestsida av austre Andes innanfor departementa Boyacá og Cundinamarca. I desse to områda lever dei i meir lågtliggande, fuktig skogflekker, i gjenreist skog, plantasjar og frukthagar, helst mellom 700 og 2000 moh., men dei kan gå så lågt som 200 moh. Tidlegare levde dei òg i mindre habitat lengre nord, men her er dei rekna som sannsynleg utrydda.

Føda for denne arten er som typisk for familien: Frukt, bær og insekt. Dei kan beite i små familieflokkar, somme tider i fleirartsflokkar. Dei kan flytte seg over korte distansar under beiting, elles er dei standfuglar.

Storleiken på populasjonen er estimert til ein stad mellom 2500 og 10 000 individ, og er minkande. Raudlistestatusen hos IUCN har blitt endra frå truga til sårbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvitryggskjeggfugl