Kvitsøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tungesnes fyrstasjon ligg ved grensa mellom Kvitsøyfjorden og Byfjorden

Kvitsøyfjorden er ein fjord i kommunane Kvitsøy, Rennesøy og Randaberg i Rogaland. Han er ein sidefjord til Boknafjorden mellom Kvitsøy i vest, Mosterøy i Rennesøy i aust og Randaberg i sør.

Fjorden har to innløp, eit sørleg mellom øya Alstein og Kvitsøy, og eit nordleg mellom Fjøløy fyr og Kvitsøy. Det sørlege innløpet grensar til Håsteinsfjorden i sør. Det nordlege innløpet grensar til Skudenesfjorden, som er ein del av Boknafjorden. Sør for Mosterøy ligg to andre øyar, Sokn og Bru, der Rennfastsambandet langs E39 går over. Aust for desse øyane held Kvisøyfjorden fram som Hidlefjorden og Byfjorden. Mellom Mosterøy og Sokn ligg Askjesundet, med Hidlefjorden på andre sida, og mellom Bru og Sokn går Soknasundet. Mellom Bru og Randaberg ligg Byfjorden, som held fram austover til Åmøyfjorden og sentrum av Stavanger. Frå innløpet frå Skudenesfjorden til innløpet til Byfjorden er Kvitsøyfjorden om lag 9 km lang.

Frå Randaberg er det ferjesamband til Ystabøhamn på Kvitsøy over Kvitsøyfjorden.