Kvitsjøkanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitsjøkanalen
kanal
White Sea–Baltic Canal, lock P7120376 2200.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Del av Unified Deep Water System of European Russia
Kart
Kvitsjøkanalen
62°48′ N 34°48′ E
Wikimedia Commons: White Sea-Baltic Canal

Kvitsjø-Austersjøkanalen, Kvitsjøkanalen eller Kvitehavskanalen (russisk Belomorsko-Baltijskij kanal (BBK), mest kjend under kortforma Belomorkanal), er ein skipskanal som bind saman Kvitsjøen med Austersjøen nær St. Petersburg. Det opphavlege namnet var (fram til 1961) Belomorsko-Baltijskij kanal imeni Stalina ('Stalin Kvitsjø-Austersjø-kanalen'). Under bygginga døydde anslagsvis 100 000 gulag-fanger (endå har forskjellige estimater komme fram til dødstal som ligg både betydeleg høgare og lågare). Kanalen vart opna 2. august 1933.

Denne kanalen vart eigentleg påbyrja allereie på 1800-talet. Russarane ville bruka denne kanalen mellom anna når dei skulle frakta tømmer og malm til hamnene i Austersjøen. Med denne kanalen ville dei sleppa den lange sjøreisa rundt Noreg. Men den gongen vart det ikkje noko av prosjektet fordi kanalen måtte gravast gjennom den harde steinsorten granitt.

Kanalen følgjer delvis ei rekke elvar og to større innsjøar, Onega og Vygozero. Den totale lengda er 227 km. Kanalens økonomiske fordeler er for tida avgrensa av at han er ganske grunn, mellom 3,3 og 4 meter, noko som gjer han ubrukeleg for dei fleste skip. Kanalen har i dag berre lett trafikk, mellom 10 og 40 båtar pr. dag.

Vassvegen[endre | endre wikiteksten]

Fangar i arbeid på kanalen, 1932

Total lengde på vassvegen er 227 km, der 48 km er kunstige kanalar. Staumretninga i kanalen går frå Onega til Kvitsjøen, og alle navigasjonsskilt er sette i samsvar med dette.

Kanaltraséen[endre | endre wikiteksten]

Kanalen byrjar ved busetjinga Povenets i Povenetsbukta i Onega-sjøen. Like etter Povenets er det sju sluser etter kvarandre, som utgjer «Povenets-trappa». Desse slusene er den sørlege skråninga av kanalen. Toppnivået til kanalen ligg 102 moh. og er 22 km langt. Denne strekninga ligg mellom 7. og 8. slusa og omfattar innsjøane Volo og Vadlo, og dessutan ein kanal mot den lågareliggende innsjøen Matkoozero. Den nordlege skråninga har 12 sluser, 8.–19. slusa. Ruta til den nordlege skråningen går langs fem innsjøar: Matkoozero (mellom 8. og 9. slusa), Vygozero (mellom 9. og 10. slusa), Palagorka (mellom 10. og 11. slusa), Voitskoje (mellom 11. og 12. slusa) og Matkozjnja (mellom 13. og 14. slusa). Kanalen endar i Sorokabukta i Kvitsjøen i Belomorsk. Langs kanalen ligg desse busetjingane: Povenets, Segezja, Nadvoitsy, Sosnovets, Belomorsk.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Godsmengda nådde toppen i 1985 med 7,3 millionar tonn frakta gjennom kanalen. Volumet låg høgt gjennom dei neste fem åra, og gjekk deretter ned. Tidleg på 2000-talet byrja mengdene gradvis å stiga att, men dei er framleis låge samanlikna med toppnivåa. Kanalen er ei lovande rute for elvecruise. Vanleg lengde på sesongen er 165 dagar.

Avgrensingar[endre | endre wikiteksten]

Den farbare leia er 4 meter djup og 36 meter brei, kurveradiusen er 500 m. Slusedimensjonar: 135 meter lang og 14,3 meter brei. Fartsgrensa i alle kunstige delar av kanalen er 8 km/t. I tilfelle dårleg sikt (mindre enn 1 km) blir all trafikk på kanalen stansa.

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen presenterte kanalen som eit døme på suksessen til den første femårsplanen. Bygginga vart fullført fire månader før planen. Heile kanalen vart bygd på tjue månader, mellom 1931 og 1933, nesten utelukkande ved manuelt arbeid.

Kanalen var det første større prosjektet i Sovjetunionen som vart bygd ved bruk av tvangsarbeid. BBLAG, direktoratet for BBK-leirane, stod for byggeprosjektet, og leverte ein arbeidsstyrke på rundt 150 000 fangar.

Arbeidstilhøve[endre | endre wikiteksten]

Sovjetleiarane framheldt prosjektet som bevis på effektiviteten til Gulag. Med det for auge å «omstøypa» forbrytarar gjennom «forbetrande arbeid» var arbeidsforholda i BBK-leiren brutale. Dødsraten var rundt 20 %. Mange fleire vart sjuke eller invalide.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Det er eit monument for fangane som vart drepne under bygginga ved Povenets, og ei lita minnestøtte ved Belomorsk, nær utløpet av kanalen inn i Kvitsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kvitsjøkanalen
Litteratur
  • Gorkij, Maksim; Auerbach, L.; Firin, S. G. red. (1935): The White Sea canal; being an account of the construction of the new canal between the White Sea and the Baltic Sea, London: John Lane.
  • Gregory, Paul R.; Lazarev, Valery; Lazarev, V.V. (2003): Economics of Forced Labor: The Soviet Gulag, Hoover Institute Press, ISBN 0-8179-3942-3
  • Ruder, Cynthia A. (1998): Making History for Stalin: The Story of the Belomor Canal, University Press of Florida, ISBN 0-8130-1567-7