Kvivsvegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvivsvegen under byggjing i 2012
Kvivsvegen under byggjing i 2012

Kvivsvegen er ein ny parsell i Kyststamvegen, Europaveg 39 mellom Hornindal i Sogn og Fjordane og Volda i Møre og Romsdal. Parsellen er 17 210 m lang, og har ein berekna totalkostnad på kr 1.045 millionar i 2008-kroner. Det er bestemt at her ikkje skal krevjast inn bompengar.

I 1999 vedtok Stortinget at den framtidige traseen for E 39 skal flyttast frå noverande trase over Stigedalen mellom Eid og Volda til ein ny trase der Kvivsvegen utgjer den delen av omlegginga som er ny veg.

Dei vesentlegaste delane av prosjektet er ein tunell gjennom fjellet Kviven mellom Kalvatn i Volda og Grodås i Hornindal med ein del ny veg, og ei opprusting av noverande Fylkesveg 41 i Volda til stamvegstandard mellom Fyrde og Kalvatn.

Den nye E 39 (Kvivsvegen) skal ta av frå Fylkesveg 41 like etter Kalvatn med ein tunell gjennom Kviven og deretter ny veg til Grodås i Hornindal. Derifrå skal europaveg 39 kome inn på traseen til noverande Riksveg 15 og følgje den langs Hornindalsvatnet til Eid.

For eksistarande trase for E 39 over Stigedalen må ein antan må ta ferja Volda-Folkestad, eller ein må køyre den til dels smale og dårlege fylkesveg 651 frå Straumshamn rundt Austefjorden for å kome seg frå Eid til Volda. Den nye E 39 Kvivsvegen gir såleis ferjefritt samband mellom Volda og Nordfjordeid, og dessutan eit klart betre samband mot Stryn og vidare mot Austlandet langs riksveg 15.

Vegen fekk løyving i Statsbudsjettet 2008 og vart starta opp i 2008. Vegen vart opna av statsråd Liv Signe Navarsete 22.september 2012.[1]

Det er vidare planar om å forbetre det ferjefrie sambandet sørover fylkesveg 60 via Stryn og til ein når i noverande europaveg 39 ved Byrkjelo, men det er ikkje sett av pengar til dette no.

Sjå òg artikkelen om paddene i Austefjorden, eit prosjekt for å bevare paddebestanden ved Litlevatnet.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Storelvabrua i Hornindal med tilkobling av Fv 60 i bakgrunnen
Infotavla ved betongpadda ved Kvivsvegen, med opplysingar om prosjektet: Paddene i Austefjorden.

Volda

Hornindal kommune

  • tunnel Kvivstunellen (6.490 m)
  • bro Storelvabrua
  • 60 Grodås
  • Kvivsvegen Hola
  • KvivsvegenHjelle

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Firda: «Kvivsvegen er opna» (22.sept 2012) (lese på nett 22.09.2012)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]