Kyökin puolella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyökin puolella
RegiRisto Orko Sjå dette på Wikidata
Basert påVi som går kjøkkenveien Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1. september 1940[1]
OpphavslandFinland Sjå dette på Wikidata
Språkfinsk
Sjangerfilmkomedie Sjå dette på Wikidata

Kyökin puolella er ein finsk filmkomedie i svart/kvitt frå 1940, regissert av Risto Orko. Han er basert på norske Sigrid Boo sin roman Vi som går kjøkkenveien og den svenske filmen Vi, som går köksvägen, som bygger på same roman. Vi som går kjøkkenveien kom ut på finsk under namnet Kyökin puolella (‘På kjøkkensida’) i 1931.

Den sentrale rolla i filmen er Arja (Helena Kara), ei fabrikkseigardotter som på grunn av eit veddemål blir tenestejente på herregarden Haukka. Den bortskjemte frøkna vil vise at ho er i stand til å gjere husarbeid.

Kyökin puolelella hadde premiere i Finland 1. september 1940. Ville Salminen var scenograf.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Ingeniørstudenten Ari Karma presenterer oppfinninga si for motorsykkelfabrikanten Sakari Virmala. Ved hjelp av denne oppfinninga skal det vere mogleg å auke farta på motorsyklane. Fabrikanten blir ikkje med på prosjektet, som han meiner er usikkert. Karma har tæl, og sver at motorsykkelen hans vil vinne over Salama-fabrikken (salama betyr 'lyn') i haustens motorsykkelkonkurranse. Fabrikanten si dotter Arja på si side vil gjerne til Paris, men Salama-fabrikken sine salstal har gått ned med 30 prosent, så reisa blir innstilt.

Arja, som saknar omveksling i livet sitt, treff venene sine på sandstranda. Der er også Jali Martema. Det romantiske forholdet han hadde til Arja har allereie bleikna. Samtalen går over på hushaldningstema. Venene held Arja for å vere totalt udugeleg til kjøkkenarbeid. Arja og Jali veddar over ein diamantring om Arja er i stand til å arbeide tre månader som tenestejente. Jali lagar eit særs godt tilrådingsbrev for Arja. Først er Arja i teneste hos ein journalistfamilie, der ho snart får sparken. Fabrikkeigaredottera kjem så i teneste på herregarden Haukka.

Ari Karma har tatt jobb som sjåfør for å tene pengar til ingeniørutdanninga. I tillegg er han i stand til å utvikle oppfinninga si i ly av herregården. Ari er på jarnvegsstasjonen og tar i mot Arja. Dei kjenner ikkje kvarandre, og Karma kjenner ikkje ein gong att den moteriktig kledde Arja att som stuepike. Ari og Arja utgjer etter kvart det viktigaste romantiske paret i filmen. Arjas arbeidskameratar på Haukka er kokka Mimmi og Iida og Aatu. Ida er forelska i Aatu og passar strengt på at han ikkje fell for Arja. Mimmi på si side siktar seg inn på lærar Hilpeläinen. Allereie den første arbeidsdagen får Arja ansvaret for matlaginga, og resultatet er katastrofalt. Både blant tenestefolket og herskapet vekkjer Arjas fine klede og vaner forundring.

Som gjest til herregarden kjem løytnant Reino Helve, som hugsar å ha sett Arja ein eller annan stad, men hugsar ikkje kvar. Døtrene på Haukka, Irma og Elle, ser ned på Arja. I tillegg er Elle sjalu på Arja, fordi ho har eit forhold til Ari. Når Irma mistar smykket sitt finn ho på at ho skal skulde Arja for dette. Godseigaren meiner at det ikkje er grunnlag for desse skuldingane.

Tenestefolket på Haukka er på tivoli på fridagen sin. Hilpeläinen deklamerer frieridiktet sitt til Arja, som oppfordrar han til å rette det til Mimmi i staden. I lotteriet på tivoliet vinn Mimmi og Hilpeläinen ei barnevagn. På oppfordring av Mimmi gøymer Ari og Arja barnevagna i garasjen på Haukka. Godseigaren høyrer dei i garasjen og krev ei forklaring. Både Ari og Arja seier seg opp frå herregarden, men Arja vil likevel halde fram til den 18. Samtidig kjem det ein telefon til Haukka, som fortel at det forsvunne smykket er funne.

På herregarden blir det arrangert ein fest, der Arja serverer. Blant gjestane er Jali, som ikkje avslører Arja. Han innrømmer at Arja har vunne veddemålet. Ari høyrer tilfeldigvis delar av diskusjonen mellom Jali og Arja, og dreg av dette konklusjonen at Jali og Arja har eit kjærleiksforhold. Han bestemmer seg for å vinne Arja attende i Djurgårdsloppet (eit berømt, årleg billaup som vart køyrd rundt Djurgårdsviken i sentrum av Helsingfors i mellomkrigstida). Slik går det også, og fabrikkeigar Virmala blir interessert i Ari si oppfinning. Til slutt får Ari og Arja kvarandre.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kyökin puolella vart gjort ferdig under unntakstilstanden før og etter Vinterkrigen. Filmopptaka vart påbyrja i Tallinn i oktober 1939. Filmteamet måtte evakuere landet, for Sovjetunionen okkuperte Estland den same månaden. Filmatiseringa heldt fram under mellomfreden (mellom Vinterkrigen og Framhaldskrigen) våren 1940. Som herregarden Haukka vart Esbogård brukt. Andre opptaksstader var Fredrikshamn, Hangö, Tammerfors (tivoli), Helsingfors Djurgårdsvikens bilbane og Kloostrimetsa bilbane i Pirita i Tallinn. Innescenene vart tatt opp i Munkholmen studio i Helsingfors.

Som Ari Karma ver det meininga å bruke Olavi Reimas, men han vart såra i Vinterkrigen, og i hans stad kom Tauno Majuri. På grunn av unntakstilstanden hadde filmen Kyökin puolella heile seks fotografar, av dei var fire lista opp i forteksten. Filmen har autentiske scener frå Djurgårdsvikens billaup.

Målt i publikumstal var Kyökin puolella den tredje mest sedde i 1940. På TV vart Kyökin puolella vist for første gong i 1964. I TV-framsyninga i 1977 samla filmen ca. 2 100 000 sjåarar.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikken i filmen Kyökin puolella blei skriven av George de Godzinsky og songtekstane av «Ela», som var Eine Laine. Av songane har ein fått evig liv som evergreen: «Sulle salaisuuden kertoa mä voisin» [‘Til deg kunne eg fortald ein løyndom]. Denne er også hovudtema i filmens preludium og blir repetert i bakgrunnsmusikken. I tillegg høyrer vi Eine Laine si tolking av songen «Tyttöni pienoinen» [‘Den vesle jenta mi’], og Helena Karas «Öitteni haave» [‘Mine netters draum’].

Resensjonar[endre | endre wikiteksten]

Kyökin puolella fekk ei relativt varm mottaking av kritikarane. Helsingin Sanomats kritikar skreiv: «Som orsaking for svakheitene ved dei heimlege (finske) filmane er det ofte sagt: Men sett i høve til tilhøva vi lever under! -- når det gjeld Kyökin puolella treng ingen slike orsakingar, den er i stand til å tilfredsstille sjåarar som krev litt meir enn gjennomsnittet».

Aamulehti sin kritikar takkar filmen for den rike handlinga og det fartfylte plottet. Uusi Suomis kritikar var meir nøktern: «Kyökin puolella held som underhaldningsroman betrakta eit ganske høgt nivå, men filmen held seg på eit middelmådig nivå.» Han kritiserer også lydopptaka, som no og då held eit svakt nivå.

Ilta-Sanomat sin kritikar skreiv i 1977 i samband med TV-framsyninga, at det i filmen var «søtladen romantikk» og «sorglause pene menneske». Kritikaren meiner filmen er pittoreskt underhaldande («små-artig»), delvis spennande, og finn her og der i filmen også tidsbilete. I Katso-bladet (Programbladet) vart filmen tolv år seinare vurdert som overflatisk og «kunstig oppstemt underhaldning». Ein kritikar på 2010-talet finn den «uskuldige søtladne» Helena Kara som det sterkaste kortet i filmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.imdb.com/title/tt0032681/; vitjingsdato: 8. april 2016.
  • Den finske nasjonalfilmografien 2