Kyle of Lochalsh
Utsjånad
| Kyle of Lochalsh | |||
| Caol Loch Aillse | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Highland | ||
| Tradisjonelt grevskap | Ross and Cromarty | ||
| Areal | 1,19 km² | ||
| Folketal | 650 (2016) | ||
| Postnummer | IV40 | ||
| Retningsnummer | 0 1599 | ||
![]() Kyle of Lochalsh 57°16′54″N 5°42′48″W / 57.281666666667°N 5.7133333333333°W | |||
| Wikimedia Commons: Kyle of Lochalsh | |||
Kyle of Lochalsh (skotsk-gælisk Caol Loch Aillse) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 650 innbyggjarar.

Foto: Dirk Tintemann
Han ligg på vestkysten, om lag 100 kilometer vest for Inverness. Han ligg på nordsida av Loch Alsh, sundet mellom øya Skye og fastlandet, rett ovanfor Kyleakin på Skye.
I 1995 fekk Skye fastlandssamband over Skye Bridge som vart bygd frå Kyleakin til Kyle of Lochalsh. Tidlegare hadde det vore ferjesamband på denne strekninga. Kyle of Lochalsh er endestasjon for jernbanelinja som går vestover frå Inverness.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kyle of Lochalsh» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
