Kylie Minogue av Kylie Minogue
| Kylie Minogue Studioalbum av Kylie Minogue | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 19. september 1994 | |
| Innspelt | 1993–94 | |
| Sjanger | Dansepop | |
| Lengd | 57:12 | |
| Selskap | Deconstruction Records Mushroom Records | |
| Produsent | Steve Anderson Dave Seaman M People Pete Heller Terry Farley Jimmy Harry | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| Let's Get to It (1991) |
Kylie Minogue | Impossible Princess (1997)
|
Kylie Minogue er det femte studioalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det kom ut i september 1994. Albumet vart først gjeve ut av Deconstruction Records i store dele av verda, og av Mushroom Records i Australia og New Zealand.
Utgjeving og listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Albumet var den første utgjevinga til Minogue utan produsentane Stock, Aitken og Waterman. I eit forsøk på å utvikle seg sjølv som artist, tok ho ei aktiv rolle i utgjevinga av albumet, og henta inn fleire partnarar. Ifølgje ein av låtskrivarane og produsentane har albumet selt 2 millionar eksemplar verda over, medan den offisielle nettsida seier at albumet selde 500 000 eksemplar på verdsbasis.[treng kjelde]
Kylie Minogue nådde nummer tre i heimlandet Australia og vart sertifisert til platina. Albumet nådde fjerdeplassen i Storbritannia og nummer trettini i Sverige.[1]
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- «Confide in Me» var den første singelen frå albumet, og vart ein av mest suksessfulle utgjevingar til Minogue. Songen låg på førsteplass i fire veker i Australia og nådde andreplass på UK Singles Chart.
- Den andre singelen «Put Yourself in My Place» nådde nummer elleve i både Australia og Storbritannia. Songen inneheldt ein populær musikkvideo kor Minogue gjenskapte ein sekvens frå Jane Fonda-filmen Barbarella (1968), der ho utfører ein langsom striptease.
- «Where Is the Feeling?» vart den tredje singelen frå albumet. Songen nådde nummer 16 i Storbritannia og nummer 31 i Australia.
Sporliste
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Confide in Me» | Steve Anderson, Dave Seaman, Owain Barton | Brothers in Rhythm | 5:51 |
| 2. | «Surrender» | Gerry DeVeaux, Charlie Mole | Gerry DeVeaux, John Waddle, Tim Bran | 4:25 |
| 3. | «If I Was Your Lover» | Jimmy Harry | Jimmy Harry | 4:45 |
| 4. | «Where Is the Feeling?» | Wilf Smarties, Jayn Hanna | Brothers in Rhythm | 6:58 |
| 5. | «Put Yourself in My Place» | Jimmy Harry | Jimmy Harry | 4:54 |
| 6. | «Dangerous Game» | Steve Anderson, Dave Seaman | Brothers in Rhythm | 5:30 |
| 7. | «Automatic Love» | Kylie Minogue, Inga Humpe, The Rapino Brothers | Brothers in Rhythm | 4:45 |
| 8. | «Where Has the Love Gone?» | Alex Palmer, Julie Stapleton | Pete Heller, Terry Farley | 7:46 |
| 9. | «Falling» | Neil Tennant, Chris Lowe | Pete Heller, Terry Farley | 6:43 |
| 10. | «Time Will Pass You By» | Dino Fekaris, Nick Zesses, John Rhys | M People | 5:26 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Topplisteplasseingar
[endre | endre wikiteksten]| Toppliste (1994) | Listeplassering |
|---|---|
| Australia (ARIA Charts)[2] | 3 |
| Tyskland (Media Control Charts) | 78 |
| Japan (Oricon)[3] | 54 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[1] | 39 |
| Sveits (Schweizer Hitparade)[4] | 33 |
| Storbritannia (UK Albums Chart)[5] | 4 |
Sertifisering
[endre | endre wikiteksten]| Land | Sertifisering | Sal |
|---|---|---|
| Australia (ARIA) | Gull | 35 000 |
| Storbritannia (BPI) | Gull | 100 000 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kylie Minogue (album)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Steffen Hung. «Kylie Minogue». Sverigetopplistan. Henta 2. august 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Kylie Minogue». ARIA Charts. Henta 2. august 2012.
- ↑ «Kylie Minogue ORICON». Oricon. Henta 2. august 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Kylie Minogue». Schweizer Hitparade. Henta 2. august 2012.
- ↑ «UK Charts > Kylie Minogue». Official Charts Company. Henta 6. oktober 2011.