Kylling bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kylling jernbanebru)
Kylling bru

Typesteinbru, bogebru, jernbanebru, steinkvelvbru
Opna29. november 1924
StrekningRaumabanen
Lengd76 meter
Høgd59,3 meter
KryssarRauma
Kart
Kylling bru
62°20′17″N 8°03′34″E / 62.33809°N 8.05958°E / 62.33809; 8.05958

Kylling bru er den nest største bruaRaumabanen, jernbanen mellom Dombås og Åndalsnes, etter Jora bru. Brua ligg ved garden Kylling på Verma i Romsdalen, og krysser elva Rauma. Ho er mellom dei mest kjende norske jernbanebruene.

Brua er ei 76 meter lang steinkvelvbru som er bygd i stein frå fjellet like ved. Steinen som er brukt er ein granitt som vert kalla gruogranitt. Høgda over dalbotnen (elva) er 59 meter. Hovudspennet er 42 meter, sidespenna ti og åtte meter.[1] Brua er bygd i ein boge og ligg i ei stor kurve (sving) på jernbanen.

Kylling bru sett frå utkikksplassen
Kylling bru
Kylling bru og tunnelsystemet ved Verma. For å overvinne høgde-skilnaden, går jarnbanen i slyng i dalsidene. Det høgaste nivået er der lina er merka «frå Dombås» oppe til høgre. Den eine svingen i denne slyngen ligg i ein tunnel på austsida av elva. Kylling bru inngår i den andre svingen, som byrjar i ein tunnel på austsida av elva og held fram på vestsida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byggeperioden[endre | endre wikiteksten]

Byggeperioden varte i ni år, frå 1913 til 1923.

Det vart bygd eit stort stillas av tiløksa tømmer som måtte tole vekta av bruspennet. Steinen vart tatt ut av Kylling tunnel som munnar ut ved brua, og måtte vere av god kvalitet for å tole trykket og lasta av jernbanen. Kvar stein måtte tilpassast brukonstruksjonen. Brua er sjølvberande.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen vart brua underminert av tyskarane. Ho var klar til å sprengast om naudsynt, men vart spart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tal frå informasjonstavla ved utkikksplassen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Søvik, Per Jarle, 1990. Ei bok om Rauma (kapittel 4). Åndalsnes, Rauma kommune, s. 189-190.