Kymmene älv
Kymmene älv | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 180–200 km | ||
Kjelde | Päijänne | ||
- høgd | 78,2 moh. | ||
Munning | Finskebukta | ||
![]() Kymmene älv | |||
Wikimedia Commons: Kymi River | |||
Kymmene elv (finsk Kymijoki) er ei elv i Finland, i det finske landskapet Kymmenedalen. Ho har sitt utspring frå innsjøen Päijänne og munnar ut i Finskebukta nær byen Kotka. Ho er ei av dei største elvane i Södra Finlands län, og ei kjelde for vasskraft. Byane Kotka, Anjalankoski og Kuusankoski ligg langs elva og er store senter for tremasse og papirindustri.
Delar av elva var grense mellom Sverige og Russland frå 1743 til 1809. Delar av Finland aust for elva vart seinare kalla Gamla Finland.