Kyndelmessemassakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: region:US-ME 43°9′42.5″N 70°38′52.38″W

Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak
Indianarar går til åtak på eit garnisonshus

Kyndelmessemassakren fann stad tidleg i 1692 under Kong Vilhelm-krigen, då om lag 150 abenakiar kommandert av offiserar frå Ny-Frankrike gjekk inn i byen York (då i distriktet Maine og ein del av provinsen Massachusetts Bay, i dag i delstaten Maine). Dei tok livet av om lag 100 engelske nybyggjarar og brende ned bygningar. I tillegg tok dei med seg om lag 80 innbyggjarar til Canada i Ny-Frankrike,[1] der dei vart laust ut mot løysepengar av kaptein John Alden Jr. frå Boston. Alden vart kort tid etter skulda for hekseri i hekseprosessane i Salem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Portsmouth Herald Maine News: York commemorates Candlemas Raid