Kyndelsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Candlemas Day (1901) av Marianne Stokes.

Kyndelsmesse, formelt «Festen for framberinga av Herren i tempelet», er ein kristen feiringsdag til minne om at Jesusbarnet vart boren fram i tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen. Dagen vert feira 2. februar i vestleg og austleg kristendom, bortsett frå i den armenske ortodokse kyrkja, der han finn stad 15. februar med ein forfest på ein dag.

Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja, og ein «Principal Feast» i den anglikanske. Framføringa i Tempelet er rekna som eit av «Dei glederike mysteria» på den katolske rosenkransen. I liturgisk samanheng kan han markera slutten på jule- eller epifanitida.

Herren møter Simeon. Georgisk kunstverk frå 100-talet.

Bakgrunn og tidfesting[endre | endre wikiteksten]

Frambering i tempelet var ein jødisk tradisjon som fann stad førti dagar etter fødselen for gutar og åtti dagar etter fødselen for jenter; dette tilsvarar den reinsingsperioden mora måtte gjennom etter fødselen (3. Mos 12, 2–4). I følgje Lukasevangeliet bar Maria og Josef Jesus fram i tempelet førti dagar etter fødselen, og sidan ein først feira fødselsfesten den 6. januar vart Hypapante feira den 14. februar. Seinare vart fødselsfesten flytta til den 25. desember, derfor daterer ein framberinga til den 2. februar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kyndelsmesse eller kyndelsmess er dei vanlege norske namna. Ordet kyndel (norrønt kyndill) betyr «voksljos» og kjem frå det latinske ordet candela, som ein også kjenner i det engelske candle.

latin, som blir mykje brukt i den katolske kyrkja, kallar ein festdagen Praesentatio Domini; 'Framberinga av Herren', Missa Candelarum, 'lys-messa' eller Purificatio Mariæ, 'Maria reinsing'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Festen vart først feira til minne om møtet mellom Jesusbarnet og Simeon (Luk 2, 25–40), og var kjend som St. Simeons dag, eller Hypapante (gresk for «møte»). Den oldkyrkjelege pilegrimen Egeria skreiv at dagen vart feira i Jerusalem alt frå om lag år 386 med ein prosesjon som gjekk frå Gravkyrkja til Oppstandelsesbasilikaen. Festen var ikkje kjent for henne frå før, så han hadde truleg ikkje spreidd seg så langt på dette tidspunktet.

I 542 innførte keisar Justinian festen i Konstantinopel. Då var han alt komen til Roma, der pave Gelasius hadde innstifta han kring 492, men han fekk ikkje skikkeleg fotfeste i vest før under pave Sergius I mot slutten av det 7. hundreåret.

Ein heidensk romersk fest, lupercalia, hadde lenge vorten feira den 2. februar med ein prosesjon (amburale) til ære for gudinna Ceres. Ein bar ljos med seg, truleg fordi festen var til minne om Ceres som leita etter dotter si, Proserpina. Samanfallet av datoane førte til at kristne tok til seg skikken.

Herren vert boren fram i tempelet (Hertugen av Berry si tidebønebok frå 1412 til 1416).

Det vart etter kvart vanleg at ein velsigna ljos som skulle brukast i kyrkjene under festen. I Tyskland er det dokumentert at dette vart gjort på 900-talet, og i Roma eit par hundreår seinare. Ein byrja kalla dagen for Maria si reinsing, Festum purificationis Beatae Virginis Mariae, i Frankrike på 900-talet. Dagen vart ein mariafest, og i Missale Romanum frå 1570 er han omtala slik.

Etter det andre vatikankonsilet vart festen på nytt ein kristusfest, på same måte som Maria bodskapsdag som også i lang tid hadde vore feira som mariafest. I 1969 vart det formelle namnet Praesentatio Domini, «Herrens framstilling». Ut frå katolsk teologi er dette meir korrekt, ettersom Den katolske kyrkja ser på Maria som «usmitta», og at ho derfor ikkje treng reinsing.

Kyndelsmesselys[endre | endre wikiteksten]

Dei ljosa som vart velsigna til kyndelsmesse, skulle vara heile kyrkjeåret. Men ljosa vart ikkje berre brukte i sjølve kyrkja, dei kunne også takast med til heimane.

Desse lysa rekna ein med hadde ei særskild kraft. I Polen bilir dei kalla gromnicy (frå gromnica, 'tore') og sette i vindauge som vern under torevêr.

I Noreg i seinmellomalderen vart det vanleg å leggja små velsigna ljosvoksstykke frå denne kyrkjefesten inne i søljene som pynta kvinnedraktene.

Varsel[endre | endre wikiteksten]

Dagen har vore brukt som vêrteikn fleire stader i Europa og Amerika. I Noreg har dagen hatt to ulike tydingar: På Vestlandet rekna ein med at finvêr denne dagen varsla fint vêr det året. I nordlege Noreg, frå Nord-Trøndelag og nordover, heit det derimot at mildvêr denne dagen ville gje dårleg vêr resten av året.

Lenger sør i Europa rekna ein gjerne solskin som eit dårleg teikn, som sa at vinteren ville vara lenger, og overskya vêr som eit godt. Denne skikken er vidareført som amerikanske Groundhog Day, der det blir sagt at om eit murmeldyr ser skuggen sin denne dagen, vil vinteren vara lengre. Er det derimot overskya slik at det ikkje ser skuggen sin, vil det forlata hiet, og vinteren er over.

Kyndelsmesse i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg var kyndelsmesse, eller kyndelsmess som han gjerne vart kalla, ein viktig festdag. Ein åt gjerne julemat, og hadde storslagne feiringar i kyrkjene. Dagen er avmerkt på primstaven. Feiringa markerte slutten på jula, og på stader der mannfolka var farne på fiske, har festdagen opp mot nyare tid vore kalla «kjerringjuldagen».

I folketradisjonen var det vanleg å sjå på åtferda til borna denne dagen, og lesa varsel av denne.

I Noreg heldt ein på kyndelsmessfesten som heilagdag fastsett i Kristian den femtes norske lov under namnet Mariæ Renselsis Dag; han vart fjerna fr 1771 gjennom Festdagsreduksjonen (heilagdagsreforma). Då dagen var heilagdag, vart det på i kyrkja preika over evangeliet etter Lukas, 2. kapittel vers 22 - 32,[1] med Simeons lovsong.

Kyndelsmesse i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia var kyndelsmesse (engelsk Candlemas) lenge ein av fire faredagar i året der ein skulle betala leige, fullføra forretningar og hyra tenestefolk. Dette varte ved fram tiil 1700-talet nord i England, og i nokre høver fram til ei lovendring i 1991 i Skottland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kyndelsmesse
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kyndelsmesse