Kyoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyoto
Utsyn over Kyoto.
Utsyn over Kyoto.
Utsyn over Kyoto.
Flagget til Kyoto Byvåpenet til Kyoto
Flagget til Kyoto Byvåpenet til Kyoto
Styresmakter
Land Japan
Borgarmeister Daisaku Kadokawa
Geografi
Flatevidd 827,83 km²
Flatevidd
 - By

827,90 km2 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

1,465,917
  1779/km²
Koordinatar 35°0′32″N 135°46′6″EKoordinatar: 35°0′32″N 135°46′6″E
Tidssone UTC + 9 (UTC+9)
Diverse anna
Heimeside: city.kyoto.jp
Plassering
Plassering av Kyoto
Plassering av Kyoto

Kyoto (japansk 京都市; Kyōto-shi) er ein by i Japan med 1 472 500 innbyggjarar (2006). Kyoto var hovudstad i Japan mellom 794 og 1868, før hovudstaden vart flytta til Edo, som no heiter Tokyo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyoto i 1891.

Byen blei grunnlagd i 794 og bygd etter mønster frå den dåverande hovudstaden i Kina, Changan. Ved grunnlegginga blei det også skipa silkeveveri som byen framleis er kjend for. Kyoto var japansk hovudstad og residensby for keisarfamilien i over tusen år, fram til 1868. Etter dette har byen meir eller mindre smelta saman med industribyane Osaka og Kobe.

Inngangen til Fushimi Inari-tempelet i Kyoto.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kyoto ligg nær sørenden av Biwasjøen, 50 km nordaust for Osaka, som han har vokse saman med i eit storbyområde. Byen ligg langs Tokaido-jernbanen mellom Tokyo og Osaka.

Bybildet er ei blanding av moderne funksjonell arkitektur og tradisjonell japansk bygggekunst. Det fins ei rekkje praktfulle gamle bygningar, som shinto- og buddhist-tempel og andre heilagdommar. Det gamle keisarpalasset er blant dei beste døma på tradisjonell japansk arkitektur, og Nijo-borga (1603) er den mest berømte borga frå Tokugawa-shogunatet. Med sine mange slott og tempel er Kyoto ein av dei største turistattraksjonane i Japan.

Næringsliv og institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Byen er senter for kunstindustrien i Japan, og er særleg kjend for silkeveveri, porselen, lakkarbeid, sølv, emalje og liknande. Moderne kjemisk, elektronisk og mekanisk industri ligg i utkantane av byen, særleg i sør og vest. Kyoto er også eit av dei viktigaste sentera i landet for engroshandel med tekstilar og konfeksjonsvarer, og eit betydeleg bank- og finanssenter.

Kyoto er elles eit viktig kultursenter med fleire universitet som Kyoto-universitetet (grunnlagd 1897), det kristne Doshisha-universitetet (1875) og fleire buddhistiske universitet. Byen har eit nasjonalmuseum, kunstmuseum og bibliotek.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Kyoto har gjeve namn til Kyoto-avtalen, som skal avgrense verdas utslepp av drivhusgassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kyoto» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kyoto