Kypros i Eurovision Song Contest 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 1982
Land Kypros
Offisielt Cyprus
Kringkastar Radiofonikó Ídrima Kýprou
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Artist(ar) Ánna Víssi
Song «Móno i agápi»
Språk Gresk
Låtskrivar(ar) Ánna Víssi
Resultat
Finalepoeng 85
Finaleplass 5

Kypros, offisielt Cyprus, deltok i Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia med songen «Móno i agápi», framførd på gresk av Ánna Víssi. Songen er skriven av Ánna Víssi.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valte ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1982.[1] Ánna Víssi fekk representere landet med «Móni a agápi», som ho framførde på gresk. Ho hadde òg skrive songen sjølv. I finalen enda Kypros på femteplass med 85 poeng; tolv frå Noreg og Nederland, åtte frå Finland og Sveits, sju frå Spania og Israel, seks frå Vest-Tyskland, fem frå Portugal, Austerrike og Jugoslavia, fire frå Luxembourg og tre frå Storbritannia og Belgia. Saman med femteplassane i 1997 og 2004 er dette den beste plasseringa til Kypros i Eurovision Song Contest fram til i dag.

Poeng frå Kypros
12 poeng Vest-Tyskland
10 poeng Spania
8 poeng Belgia
7 poeng Austerrike
6 poeng Sveits
5 poeng Irland
4 poeng Noreg
3 poeng Storbritannia
2 poeng Israel
1 poeng Jugoslavia

Poeng til Kypros
12 poeng Nederland, Noreg
10 poeng
8 poeng Finland, Sveits
7 poeng Israel, Spania
6 poeng Vest-Tyskland
5 poeng Jugoslavia, Austerrike, Portugal
4 poeng Luxembourg
3 poeng Belgia, Storbritannia
2 poeng
1 poeng

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chipre Eurovisión 1982» (spansk). eurovision-spain.com. Henta 19. april 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Mal:Land i Eurovision Song Contest 1982