Kypros i Junior Eurovision Song Contest
Utsjånad
| |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Offisielt | Kypros | ||||
|
|||||
| Uttakingar | |||||
| Nasjonalt | 6 | ||||
| Internt | 3 | ||||
| Deltaking | |||||
| Debutår | 2003 | ||||
| Deltakingar | 9 | ||||
| Beste resultat | |||||
| Finalen | 8 (2004 og 2006) | ||||
| Verste resultat | |||||
| Finalen | Sist (2017) | ||||
| Poeng | |||||
| Totalt | 383 | ||||
Kypros debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Mia efhí», framført på gresk av Theodóra Ráfti. Kypros har delteke åtte gongar, i perioden 2003 til 2016. Bidraga vart valde gjennom nasjonale finaler, arrangert av den kypriotiske kringkastaren Cyprus Broadcasting Corporation. I 2008 arrangerte Kypros tevlinga, som vart halden i Spyros Kyprianou Athletic Centre i Limassol.
I 2005 vart Kypros nøydd til å trekke seg frå tevlinga på grunn av at songen «Tsírko», framført av Réna Kyriakídi, vart anklaga for å vere for lik ein annan song. Dei kypriotiske sjåarane fekk likevel sjå og røyste i tevlinga.
I 2014 vende Kypros tilbake til tevlinga, etter fem års pause. Dei valde bidraget internt.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]| År | Artist | Song | Språk | Poeng | Plass |
|---|---|---|---|---|---|
| Theodóra Ráfti | «Mia efhí» | Gresk | 16 | 14 | |
| Mários Tofí | «Óneira» | Gresk | 61 | 8 | |
| Réna Kyriakídi | «Tsírko» | Gresk | Trekt | ||
| Loúis Panagiótou og Khristína Khristofí | «Agoria Koritsia» | Gresk | 58 | 8 | |
| Giórgos Ioannídis | «I mousikí dínei fterá» | Gresk | 29 | 14 | |
| Elena Mannoúri og Kháris Sávva | «Gioúpi jia» | Gresk | 46 | 10 | |
| Rafaéla Kósta | «Thalassa, Ilios, Aéras, Fotiá» | Gresk | 32 | 11 | |
| Sofía Patsalídes | «I pio ómorfi méra» | Gresk og engelsk | 69 | 9 | |
| Giórgos Mikhailídis | «Dance Floor» | Gresk og engelsk | 27 | 16 | |
| Nikól Nikoláou | «I Wanna Be a Star» | Gresk og engelsk | 45 | 16 | |
Røystegjeving
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Vertskap
[endre | endre wikiteksten]| År | Stad | Arena | Programleiarar |
|---|---|---|---|
| Limassol | Spyros Kyprianou Athletic Centre | Sophia Paraskeva og Alex Michael |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cyprus in the Junior Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2014.