Kyriakos Mitsotakis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyriakos Mitsotakis
EPP Zagreb Congress in Croatia, 20-21 November 2019 (49099472986) (cropped).jpg
FøddΚυριάκος Μητσοτάκης
4. mars 1968 (53 år)
Aten
Statsborgar avHellas
PartiNytt demokrati
Yrkepolitikar, investor
Utdanna vedHarvard University
Stanford University
Athens College
Harvard Business School
MorMarika Mitsotakis
FarKonstantinos Mitsotakis
EktefelleMareva Grabowski
BarnSofia Mitsotakis, Konstantinos Mitsotakis, Dafne Mitsotakis

Kyriakos Mitsotakis (fødd 4. mars 1968) er ein gresk politikar som er statsminister i Hellas. Mitsotakis representerer det konservative partiet Nytt demokrati, som han blei leiar for i 2016. Mitsotakis blei vald inn til parlamentet i 2014. Han var minister for forvaltingsreform frå 2013 til 2015. Etter at Nytt demokrati vann parlamentsvalet i 2019, overtok Mitsotakis som statsminister den 8. juli 2019.

Han er son av Konstantinos Mitsotakis, som var statsminister frå 1990 til 1993.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kyriakos Mitsotakis kjem frå eit av dei politiske dynastia i Hellas. Han er son av Konstantinos Mitsotakis, som var statsminister frå 1990 til 1993. Oldemor hans var syster av Eleftherios Venizelos, som var statsminister i åtte periodar mellom 1910 og 1933, og som hadde ein son, Sofoklis Venizelos, som var statsminister tre gonger.[1] Systera til Mitsotakis, Dora Bakoyannis, har vore gresk utanriksminister og ordførar i Athen.[2] Sonen hennar Kostas Bakoyannis blei i 2019 ordførar i Aten.[3]

Mitsotakis blei fødd i Aten, men då han berre var tre månader gammal flytta familien i eksil til Paris på grunn av militærdiktaturet i Hellas.[4] Familien vende attende til heimlandet etter gjeninnføringa av demokrati i 1974.

Mitsotakis er utdanna i USA. Han har bachelorgrad i samfunnsvitskap Harvard University (1990), mastergrad i internasjonal politikk frå Stanford University (1993) og MBA-grad frå Harvard Business School (1995).[5] Han har arbeidd i London for Chase Investment Bank (1990–1991) og McKinsey and Company (1995–1997).[4][6] I Hellas har han òg arbeidd i banksektoren og i ein næringslivsorganisasjon.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Mitsotakis tilhøyrer partiet Nytt demokrati og blei vald inn til paralamentet for første gong i 2004.[5] Han blei gjenvald i påfølgjande val. I 2013 blei han minister for forvaltingsreform i regjeringa leidd av statsminister Antonis Samaras.[4] Nytt demokrati måtte gje frå seg regjeringsmakta til SYRIZA i 2015 og etter to valnederlag same året, blei partileiinga skifta ut. Mitsotakis blei vald til ny partileiar av partimedlemmane i januar 2016.

Etter at SYRIZA tapte valet i 2019 blei Mitsotakis statsminister i landet 8. juli 2019.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Åshild Breian og Inger Lise Hammerstrøm: «Gresk «Kennedy-dynasti» ventes å overta makten i Hellas», Aftenposten, 7. juli 2019. Lest 8. juli 2019.
  2. «Mitsotakis and the return of a Greek dynasty». BBC News (på engelsk). 8. juli 2019. 
  3. Kokkinidis, Tasos (2. juli 2019). «Kostas Bakoyannis Elected New Mayor of Athens» (på engelsk). Greek Reporter. Henta 8. juli 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Chrysopoulos, Philip (7. juli 2019). «Kyriakos Mitsotakis: Meet the New Greek Prime Minister» (på engelsk). Greek Reporter. Henta 8. juli 2019. 
  5. 5,0 5,1 «Kyriakos Mitsotakis». Hellas' parlament. Henta 8. juli 2019. 
  6. Stevis-Gridneff, Matina (8. juli 2019). «Greece Liked to Underestimate Kyriakos Mitsotakis. Now He’s Prime Minister.». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 
  7. «Tsipras hands over power to Mitsotakis» (på engelsk). 8. juli 2019. Henta 8. juli 2019.