Kyrkøyna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkøyna
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gulen
Postnummer 5966 EIVINDVIK[1]

Kyrkøyna, tidlegare skrive Kirkøy, Kirkøen og Kyrkjeøy, er ein gard i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Kyrkøyna har matrikkelnummer 6 i Gulen.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Garden ligg på ei lita øy nordom Rutledal. Via to bruer er det gangsti over to holmar ut til øya.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen stod det ei kyrkje på Kyrkøyna. I kjeldene er ho nemnt fleire gonger kring 1350, mellom anna i Bjørgvin kalvskinn, og der er ho omtala som «Ruzla kirkia», 'Rutle kyrkje'.[3][4]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av at øya var kyrkjestad i mellomalderen.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Kyrkøyna» i 1986.[5]

Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Kyrkjeøy».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Parameteren |Kommentar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |kommentar=?) (hjelp)
  2. «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Parameteren |Kommentar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |kommentar=?) (hjelp)
  3. 3,0 3,1 Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 6. Kirkøy : Kyrkjeøy». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 78. 
  4. ««Rutle kyrkjestad» på nettstaden til Riksantikvaren».  Parameteren |Kommentar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |kommentar=?) (hjelp)
  5. ««Kyrkøyna i Gulen» på nettstaden yr.no».  Vitja 12. november

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Kleiva: «Gnr. 6 Kirkøy : Kyrkjeøy» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band l, side 78-84.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]