Kyrkjeåret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kyrkjeår)
Hopp til navigering Hopp til søk
Liturgiske fargar i kyrkjeåret
  1. søndag i advent
  2. s. i advent
  3. s. i advent
  4. s. i advent
  Julaftan, julenatt
  Juledag
  Andre juledag
  Romjulssøndag
  Nyårsnatt
  Nyårsdag / Jesu namnedag)
  Kristi openberringsdag
  2. søndag i openberringstida
  3. søndag i openberringstida
  4. søndag i openberringstida
  5. søndag i openberringstida
  6. søndag i openberringstida / Aposteldagen
  7. søndag i openberringstida
  Såmannssøndagen
  Kristi forklåringsdag
  Fastelavnssøndag
  Oskeonsdag
  1. s. i faste
  2. s. i faste
  3. s. i faste
  Midtfaste
  5. s. i faste
  Maria bodskapsdag
  Palmesøndag
  Skjærtorsdag
  Langfredag
  Påskenatt
  Påskedag
  2. påskedag
  2. søndag i påsketida
  3. søndag i påsketida
  4. søndag i påsketida
  5. søndag i påsketida
  6. søndag i påsketida
  Helgetorsdag
  Søndag før pinse
  Pinseaftan
  Pinsedag
  2. pinsedag
  Treeiningssøndag
  2. søndag i treeiningstida
  3. søndag i treeiningstida
  4. søndag i treeiningstida
  5. søndag i treeiningstida
  Aposteldagen
  7. søndag i treeiningstida
  8. søndag i treeiningstida
  9. søndag i treeiningstida
  10. søndag i treeiningstida
  11. søndag i treeiningstida
  12. søndag i treeiningstida
  13. søndag i treeiningstida
  14. søndag i treeiningstida
  15. søndag i treeiningstida
  16. søndag i treeiningstida
  17. søndag i treeiningstida
  18. søndag i treeiningstida
  19. søndag i treeiningstida
  20. søndag i treeiningstida
  21. søndag i treeiningstida
  22. søndag i treeiningstida
  Bots- og bønnedag
  Helgemessesøndag
  23. søndag i treeiningstida
  24. søndag i treeiningstida
  25. søndag i treeiningstida
  26. søndag i treeiningstida
  27. søndag i treeiningstida
  Domssøndag/Kristi kongedag

Kyrkjeåret er ei inndeling av året ut frå høgtidene i kristendommen. Kyrkjeåret startar første søndag i advent. Det er fastsett utvalde bibelske tekstar til kvar søndag og helgedag i kyrkjeåret. Slike tekstar er òg fastsett for nokre gudstenestedagar som ikkje er offentlege helgedagar (sett i kursiv i tabellen til høgre).

Kyrkjeåret og kalenderen[endre | endre wikiteksten]

Heilagdagane frå fastelavn og ut kyrkjeåret er for ein stor del styrt av tidspunktet for påske. Påskedagdag fell «fyrste søndag etter fyrste fullmåne etter vårjamndøgn». Utrekninga har variert noko mellom ulike land, mellom anna valde Danmark-Noreg å følgje dei astronomiske tidspunkta for vårjamndøgn og fullmåne i perioden 1700-1776, framfor å følgje liturgisk påske, som vert utrekna etter ein særskilt formel, «påskeformelen».

Somme heilagdagar, slik som juledagane, følgjer dato. Andre heilagdagar fell på søndagar ut frå dato, slik som helgemess, som er lagd til fyrste søndag i november.

1. mai, 17. mai fell på faste datoar. Det gjer òg jonsok, olsok og mikkelsmesse, men desse dagane er ikkje lenger offentlege helgedagar, sjølv om det kan vere gudstenester i mange kyrkjer desse dagane. Talet på kyrkjelege helgedagar vart redusert frå 1771 gjennom festdagsreduksjonen.

Liturgiske fargar gjennom kyrkjeåret[endre | endre wikiteksten]

I oldkyrkja brukte dei kvite liturgiske klede. Slik var det òg inn i mellomalderen. Etterkvart byrja dei bruke svarte klede i sorgsituasjonar. Lenger ut i mellomalderen byrja dei bruke messeklede i ulike fargar, og frå 1100-talet kom det reglar om fargebruken og vekslinga mellom kyrkjeårstidene. Dei liturgiske fargane ver mellom anna bruka på messehakelen og stolaen.

Frå om lag år 1200 vart det vanleg med fire liturgiske hovudfargar: Kvitt, raudt, fiolett og grønt.

Ved høgmesser og andre gudstenester på søndagar og andre helgedagar følgjer den liturgiske fargen kyrkjeåret, unntatt ved ordinasjon, vigsling og kyrkjejubileum som alltid har raudt som liturgisk farge.

Ved kyrkjelege handlingar utanom ordinær gudsteneste vert fargane brukte slik:

Ved dåp
Kvitt eller kyrkjeårstidsfargen
Ved konfirmasjon
Raudt eller kvitt eller fargen for kyrkjeårstida
Ved brurevigsel
Kvitt
Ved gravferd
Fiolett
Ved skriftemål
Fiolett
Ved sørgjegudstenester
Fiolett
1. og 17. mai
Grønt eller fargen for kyrkjeårstida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]