Kyrkjebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kyrkjebø sokn)
Kyrkjebø
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Areal 0,29 km²
Folketal 229  (2023)
Folketettleik 790 / km²
Postnummer 6995 KYRKJEBØ
Kart
Kyrkjebø
61°09′49″N 5°53′59″E / 61.163611111111°N 5.8997222222222°E / 61.163611111111; 5.8997222222222

Kyrkjebø er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland fylke, og eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Tettstaden har 229 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg omtrent midt mellom Vadheim og Høyanger sentrum, på nordsida av Sognefjorden. Austreim ligg like austom Kyrkjebø.

På Kyrkjebø ligg Kyrkjebø kyrkje og barneskulen Kyrkjebø skule.

Frå 1858 til 1964 var Kyrkjebø òg ein kommune, fyrst med namnet Klævold kommune og frå 1890 Kyrkjebø kommune. I 1964 gjekk han inn i den nye Høyanger kommune.

Kyrkjebø sokn[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjebø er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart overført til Lavik frå Vik prestegjeld i 1809, ved opprettinga av Lavik prestegjeld.[1] Soknet har ei kyrkje, Kyrkjebø kyrkje frå 1869, og i tillegg høyrer Vadheim bedehuskapell til soknet. Fram til 1997 høyrde òg Bjordal kyrkje og Ortnevik kyrkje til soknet, men dei har sidan høyrd til Bjordal og Ortnevik sokn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]