Kyrkjebrannar i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kyrkjebrannar i Noreg har skjedd sidan kyrkjebygging tok til kring år 1000. Trekyrkjer har vore særleg utsett, og brannar har medverka til at berre 28 av truleg over 1000 (kanskje 2000) stavkyrkjer finst i dag. Kyrkjebrannar har vore utløyst av lynnedslag, open eld, påtenning, krig eller spreiing frå brann i andre bygg i – etter omkring 1900 også feil ved elektriske installasjonar. I åra 1992–1996 vart ei rad kyrkjer tende på av ungdom som i nokre tilfelle var knytte til ekstreme miljø. Eit av desse hadde Varg Vikernes som frontfigur, han vart seinare dømd for tre kyrkjebrannar. Ein del kyrkjer i Noreg har no automatiske brannslokking og overvakingssystem. I 2011 uttalte brannsjef Guttorm Liebe i Skien otte fordi berre fem av 76 kyrkjer i Telemark hadde sprinkling.[1] I 2009 hadde ei av tre norske kyrkjer sprinkling.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. februar 2014, henta 26. januar 2014 
  2. http://nrk.no/m/artikkel.jsp?art_id=16965561[daud lenkje]