Hopp til innhald

Kyrkjefedrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkjefedrar. Miniatyr frå Kyivriket på 1000-talet.
Dei fire store latinske fedrane. Frå venstre Augustin av Hippo, pave Gregor I, Hieronymus og Ambrosius.
Helige Antonius.

Kyrkjefedrar viser til autoritetar i oldkyrkja, den fyrste konsolideringa av kristendommen. Omgrepet omfattar viktige teologar, forfattarar og lærarar som fekk grunnleggjande tyding for den kristne kyrkja gjennom skriftene sine.

I den tidlege kyrkja blei fyrst alle biskopar kalla kyrkjefedrar (latin patres ecclesiastici) men frå 400-talet hadde ein berre med kyrkjelærarar som hadde avgjerande innverknad på utviklinga av kyrkjelæra og -livet. Det blei då særleg nytta om dei som utvikla og forsvarte kyrkjelære mot såkalla vranglære. Ein kyrkjefader er altså i streng kyrkjeleg forstand ein person som har medverka til å oppretta, fordjupa og forsvara den kristne læra med tekster og eit eksemplarisk liv.

Kyrkjefedrane

[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste generasjonen av kristne leiarar var læresveinane til dei tolv apostlane og fekk derfor tolkinga si av den kristne trua frå dei som sjølv hadde fått henne gjennom Jesus Kristus. Desse er blant anna Polykarpos, som var ein av læresveinane til Johannes, Klemens I, som var ein av dei fyrste pavane frå kring 91 til kring 101, Ignatius som var biskop i Antiokia, Barnabas og Papias.

Dei tidlege kyrkjefedrane som blei best kjent er Klemens av Alexandria (byrjinga av 100-talet), Origenes (184-254), Tertullianus (omkring 160-225), Hieronymus (347-420), Johannes Chrysostomos (347-407), Irenaeus (130-202), Ambrosius (340-397) og Augustinus (354-430). Det dei seinare kyrkjefedrane hadde til felles var karakterfastheit, spartansk livsstil og sjølvdisiplin. Dei stilte dei same krava til dei kristne. Dei fleste var velkjende med gresk filosofi og prøvde å knyta saman gresk filosofi med kristendom ved å finna kristne resonnement i ulike skular av gresk filosofi.[1] Dei prøvde å finna ut at dei greske filosofiske tankane var føregangarar for Den Nye Testamentet.

Gjennom å leggja vekt på eit strengt organisert, regelstyrt forsamlingsliv, strenge reglar og forskrifter, gjorde desse kyrkjefedrane at kristendommen mista mykje fridom og spontanitet. Kyrkjefedrane har nokre fellestrekk, dei var nidkjære og ubarmhjertige i dommane sine, med strenge, måtehaldne levemåtar, harde mot seg sjølv og stilte høge krav til kyrkjelyden, til likskap med Klemens, Tertullian, Origenes og til slutt Augustin.[1]

Kjetterske eller skismistiske forfattarar (som Arius eller Novatianus) blir ikkje rekna som kyrkjelfedrar. Andre som fell utanfor gruppa er historikarar (Gregorius av Tours) eller diktarar (Prudentius), fordi bøkene deira ikkje tek for seg doktrinære tema. Det finst kyrkjefedrar som er blitt utviste frå kyrkja og som likevel hadde slik ein innverknad at dei blir rekna som kyrkjefedrar, eller som seinare er tekne inn att (Origenes, Theodoros av Mopsuestia). Den katolske kyrkja stiller no følgjande krav til dei som skal kunne reknast som kyrkjefedrar i den rette forstanden: antiquitas (alderdom), doctrina orthodoxa (rein lærdom), sanctitas vitae (heilage liv) og approbatio ecclesiae (godkjenning frå kyrkja).

Kyrkjefedrane er likevel anerkjende av dei fleste kristne som ein vesentleg referanse. For den vestlege kyrkja tilhøyrer dei berre den antikke perioden. Såleis blir den siste kyrkjefaren i aust sett på for å vera Johannes av Damaskus og den siste i vest Isidor av Sevilla. Etter kyrkefedrane har den vestlege kyrkja likevel halde fram med å utnemna kyrkjelærarar. Nokre av fedrane er òg rekna som kyrkjelærar (som Athanasios av Alexandria eller Ambrosius av Milano), men ein finn òg betydelege, seinare figurar i vestkyrkja, som Thomas Aquinas, Bernard av Clairvaux med fleire blant dei. Den katolske kyrkja har ei nøyaktig liste over kyrkjelærarar, og nokre kjem frå så seint som 1800-talet. Det finst ikkje ei liknande kanonisk lista over kyrkjefedrar. I dette høvet liknar dei helgenane, som det finst nokre lokale og andre universelle av.

Ørkenfedrar

[endre | endre wikiteksten]

Den austlege kyrkja meiner at ein kyrkjefader ikkje treng å vere ein forfattar. Ho tenderar til å òg sjå på økenfedrane som kyrkjefedrar, og òg grunnleggarane av klosterordenar. Heilage Antonius og Moses den svarte blir rekna blant ørkenfedrane. Det er då livet deira som forkynner og styrkar læra. I den ortodokse tradisjonen er tittelen kyrkjefader ikkje strengt avgrensa til antikken - sjølv mellomalderlæraren Gregorios Palamas generelt blir rekna som ein kyrkjefader.

Klassifisering

[endre | endre wikiteksten]

Dei førnikenske fedrane (til år 325)

[endre | endre wikiteksten]

Dei apostoliske fedrane

[endre | endre wikiteksten]

Fedrar frå 100-talet

[endre | endre wikiteksten]

Apologetene

[endre | endre wikiteksten]

Den anti-heretiske litteraturen

[endre | endre wikiteksten]

Fedrane frå 200-talet

[endre | endre wikiteksten]

Grekske fedrar

[endre | endre wikiteksten]

Latinske fedrar

[endre | endre wikiteksten]

Gullalder (325-451)

[endre | endre wikiteksten]

Fedrane som kjempa mot arianismen

[endre | endre wikiteksten]

Dei kapadokiske fedrane og Johannes Chrysostomos

[endre | endre wikiteksten]

Andre fedrar som levde under det andre, tredje og fjerde kyrkjemøtet

[endre | endre wikiteksten]

Greske fedrar

[endre | endre wikiteksten]

Latinske fedrar

[endre | endre wikiteksten]

Syriske fedrar

[endre | endre wikiteksten]

Fedrane etter kyrkjemøtet i Kalkedon (etter 451)

[endre | endre wikiteksten]

Greske fedrar før den ikonoklastiske striden

[endre | endre wikiteksten]

Greske fedrar som forsvarte ikon

[endre | endre wikiteksten]

Latinske fedrar

[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjefedrar i mellomalderen

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 Den tidiga kyrkans historia, Henry Chadwick. 10-915780043X