Kyrkjegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjemnes kyrkjegard

Ein kyrkjegard er ein gravlund, det vil seie eit område som er avsett til gravlegging av daude, og som ofte er tilknytt ei kyrkje. Ein frittliggande kyrkjegard vert vanlegvis kalla for ein gravlund, og det same gjeld i våre dagar ofte òg dei gravplassane som ligg attmed kyrkjer.

I Noreg vert kyrkjegardar, ifølgje føresegnene i gravferdslova, til vanleg forvalta av kyrkjeleg fellesråd i kommunen, og er soknet sin eigedom. Alle har rett til ein grav på ein lovleg opparbeidd kyrkjegard, gravlund, i den kommunen dei budde i då dei døydde, utan omsyn til kva tru, livssyn eller meiningar dei har hatt. Både Den norske kyrkja og andre registrerte trussamfunn skal gis høve til å vigsle ein kyrkjegard eller delar av han.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]