Kyrkjehistorie

Kyrkjehistorie (Historia ecclesiastica) er ein av dei klassiske fire teologiske disiplinane, og er ein av dei historiske disiplinane innanfor kristen teologi saman med studiet av Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Kyrkjehistorie som akademisk fag tek for seg kyrkja som objekt for vitskapleg arbeid. «Kyrkje» blir forstått breitt slik at både institusjonhistorie, sosialhistorie og idéhistorie er inkludert i omgrepet. Dei to fyrste dekker i stor grad kristen praksis og den siste historisk teologi som teorien kring kristendommen gjennom historia. Ei smalare forståing av historisk teologi legg vekt på den dogmehistoriske utviklinga til kyrkja. Kyrkjehistorie nyttar same metodiske grunnlag som både historiefaget, idéhistorie og religionshistorie.
Eusebius av Cæsarea (ca. 300) blir vanlegvis rekna som far til kyrkjehistoria, etter å ha vore den fyrste som skreiv ei bok med dette namnet. I mellomalderen var kyrkjehistoria ofte knytt til krøniker, med representantar som Adam av Bremen, Beda, Gregor frå Tours og Jordanes.[1] Æra for å ha skipa kritisk kyrkjehistorie blir normalt gitt til Johann Lorenz von Mosheim (ca. 1750).
Kyrkjehistoria blir vanlegvis delt inn i ulike periodar:
- Oldkyrkja (ca. 100-450)
- Mellomalder (ca. 450-1500)
- Reformasjonen (ca. 1500-1600)
- Nytid (ca. 1600- )
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «kirkehistorie» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Kirkehistorie» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2024.