Kyrkjelærar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fire store kyrkjelærarane i Vestkyrkja: Augustin, pave Gregor I, Hieronymus og Ambrosius av Milano, måla av Pier Francesco Sacchi ca. 1516.
Teresa av Ávila avbilda i glasmåleri ved Det heilage Teresa-konventet.

Kyrkjelærar (Doctor Communis Ecclesiae) er eit æresnamn brukt i den katolske kyrkja om kyrkjelege forfattarar som har utmerka seg ved rett tru, heilag liv og lærdom, og som er blitt uttrykkeleg anerkjende av kyrkja som autoritetar.[1] Tittelen blir særleg gjevne til teologar og andre ein reknar som førebilde for dei truande.[2]

Dei første kyrkelærarane blei utnemnde i 1298. Desse var Ambrosius av Milano, Augustin av Hippo, Hieronymus og pave Gregor I. Først i 1970 blei den første kvinna, Teresa av Ávila, opphøgd til kyrkjelærar.

Med utnemingane 7. oktober 2012 er det oppnemnd til saman 35 kyrkjelærarar.

Liste over kyrkjelærarar[endre | endre wikiteksten]

Namn Fødd Død Oppnemnd
Gregor I den store* ca. 540 12. mars 604 1298
Ambrosius av Milano* ca. 340 4. april 397 1298
Augustin av Hippo* 13. november 354 28. august 430 1298
Hieronymus* ca. 347 30. september 420 1298
Johannes Chrysostomos* 347 407 1568
Basilios den store* 330 1. januar 379 1568
Gregor av Nazianz* 329 25. januar 389 1568
Athanasius av Alexandria* 298 2. mai 373 1568
Thomas Aquinas 1225 7. mars 1274 1568
Bonaventura 1221 15. juli 1274 1588
Anselm av Canterbury 1033 eller 1034 21. april 1109 1720
Isidor av Sevilla* 560 4. april 636 1722
Peter Krysologos* 380 450 1729
Pave Leo I (den store)* 400 10. november 461 1754
Peter Damian 1007 21.22. februar 1072 1828
Bernhard av Clairvaux 1090 21. august 1153 1830
Hilarius av Poitiers* 300 367 1851
Alfonso Maria de Liguori 27. september 1696 1. august 1787 1871
Frans av Sales 21. august 1567 28. desember 1622 1877
Kyrillos av Alexandria* 376 27. juni 444 1883
Kyrillos av Jerusalem* 315 386 1883
Johannes av Damaskus* 676 5. desember 749 1883
Beda den ærverdige* 672 27. mai 735 1899
Efrem Syraren* 306 373 1920
Peter Canisius 8. mai 1521 21. desember 1597 1925
Johannes av Krossen 24. juni 1542 14. desember 1591 1926
Roberto Bellarmino 4. oktober 1542 17. september 1621 1931
Albertus Magnus (Magnus den store) 1193 15. november 1280 1931
Antonius av Padua 15. august 1195 13. juni 1231 1946
Laurentius av Brindisi 22. juli 1559 22. juli 1619 1959
Teresa av Ávila 28. mars 1515 4. oktober 1582 1970
Katarina av Siena 25. mars 1347 29. april 1380 1970
Teresa av Lisieux 2. januar 1873 30. september 1897 1997
Hildegard von Bingen 1098 1179 2012[3]
Johannes av Ávila 6. januar 1499 10. mai 1569 2012[3]

*Også anerkjende av Den ortodokse kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirkelærer» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 4. januar 2015.
  2. «Hva er en kirkelærer?» katolsk.no 4. april 2000
  3. 3,0 3,1 «Pope names 2 church doctors at start of synod on re-spreading faith to areas where it’s fallen», The Washington Post, 7. oktober, besøkt 11. oktober 2012