Kyrkjenemndi i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kyrkjenemndi i Bergen er ein samskipnad i Bergen som har til føremål å fremje kristeleg arbeid på nynorsk. Kyrkjenemndi vart skipa 15. februar 1918 av Vestmannalaget, Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen etter opptak av biskop Peter Hognestad.

Medlemer i nemnda vert valde av Vestmannalaget, Bergen Ungdomslag Ervingen og Bygdelagsnemndi i Bergen.

Kyrkjenemndi har opp gjennom åra skipa fleire nynorske gudsteneste kvart år, men dei siste åra har talet minka, og den einaste årvisse er festgudstenesta i domkyrkja 17. mai.

Kyrkjenemndi har sidan slutten av 1950-talet hatt utgjevaransvar for det kristelege bladet Stille Stunder.