Kyrkjeskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avmerking av midtskipet i ein kyrkjeplan.
Midtskipet i Køln domkyrkje er det lengste i Tyskland.
Foto: Thomas Robbin

Kyrkjeskip viser til rommet kyrkjelyden sit i i ei kyrkje. Ei kyrkje, domkyrkje eller eit klosterbygg kan ha eitt eller fleire slike skip.

Utforminga av rommet kan vera spesifisert meir nøyaktig:

  • Hovudskip: Det sentrale og største av fleire parallelle skip, eller det som går i lengderetninga i ei kyrkje med tverrskip.
  • Langskip: Eit langstrekt kyrkjeskip; langskipet kan vere hovudskipet i kyrkja eller det kan vere det lengste skipet i ei krosskyrkje.
  • Midtskip: Det sentrale skipet, som ikkje nødvendigvis er større enn dei andre. Kan også visa til dei tre midtre i ei kyrkje med fem skip.
  • Sideskip: Dei ytste skipa i ei fleirskipa kyrkje.
  • Tverrskip: Eit skip som går på tvers av hovudskipet; også kalla transept eller sidearmar.

Kyrkjeskip kan også visa til ein skipsmodell som er hengt opp i ei kyrkje. I Nord-Europa, og særleg i Skandinavia, har slike skip vore særs vanlege, og finst framleis i mange kyrkjer.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

I norsk har vi ordet kyrkjeskip som ei omsetjing av mellomalderlatin navis som tyder «skip»; den latinske bruken av ordet navis kan skyldast ei samanblanding mellom gresk ναός (jonisk νηός) som tyder «tempelrom» og tilsvarande språks ναύς (νηύς) som tyder «skip».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Falk og Torp (1906): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kyrkjeskip