Kyrkjesteinen på Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkjesteinen
stad
Kyrkjesteinen ligg heilt inn til E 39
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6170 Vartdal
Gardnummer 96

Kyrkjesteinen på Vartdal er ei stor steinblokk som ligg i ei røys frå bronsealderen. Han ligg i utmarka til matrikkelgarden Nøre Vartdal i Ørsta, nær bytet til garden Masdal.

Historikaren Bendix Bendixen omtala Kyrkjesteinen i 1880. Han skreiv at den store midtsteinen var om lag 6,5 meter høg og like brei. Røysa var oppkasta som ein voll kring, men ikkje heilt inntil, sjølve steinen. Frå denne vollen gjekk det som ei steinbru mot den nordaustlege kanten av steinen «de eneste sted, hvor den ved nogle sprekker kan, om enn med vanskelighed, bestiges.» Dei andre sidene var glatte og halla innover. Om sjølve vollen skreiv han at han «bestaar av jevntstore steiner, av mands løfte»

Sjølv om steinen ruva meir i landskapet tidlegare, er nok Bendixen sin oppgidde mål vel rause.

I dag har Kyrkjesteinen vorte utsett for vegbygging og granplanting. Då den nye riksvegen skulle byggast, seint på 1950-talet, såg det ut til at Kyrkjesteinen måtte vike. Iherdige forkjemparar hindra at han vart sprengd, men vegen kom heilt inntil. Seinare sette grunneigarane i gang med granplanting. Etter kvart som grana har vakse til har steien vorte endå meir bortgøymd.

No er steinen grei å få auge på, om ein veit om han. Han ligg heilt opp til vegen på nordsida av E 39, 10 km frå Festøya ferjekai.

Sjølve steinen har fått smågran på toppen. Og mannsløftsteinane synest som store mosekuler.

Kyrkjesteinen ligg omlag 30 meter frå det freda kulturminnet St. Olavs-steinen

Bilete av Kyrkjesteinen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kyrkjesteinen på Vartdal i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Johannes Buset: Vartdalssoga Første bandet. Vartdal bygdeboknemnd 1964