Kyrkjeugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkjeugle
Bilete frå Teira, Galicia, Spania Foto: Arturo Nikolai
Bilete frå Teira, Galicia, Spania
Foto: Arturo Nikolai
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kyrkjeugle
Utbreiinga av kyrkjeugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Fugleslekta Athene Athene
Art: Kyrkjeugle A. noctua
Vitskapleg namn
Athene noctua

Kyrkjeugle (Athene noctua) er ein fugl i uglefamilien. Ho er heimehøyrande i mykje av dei tempererte og varmare delane av Europa, Asia aust til Korea, og i Nord-Afrika. Ho har ikkje naturleg utbreiing i Fennoskandia eller Storbritannia, men vart introdusert til Storbritannia i 1842. Det vart òg gjort ei utsetting av arten på Sørøya på New Zealand i byrjinga av 1900-talet, både sørlege Storbritannia og Sørøya på New Zealand har livskraftige bestandar i dag.

Denne arten er ein del av slekta Athene som er representert med fire artar spreidd på alle kontinent unnateke Australia og Antarktis.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjeugla er ei lita ugle, 21 til 23 cm i lengd, vengespenn på 50-56 cm og ho veg i området 140 til 200 gram.[1] Vaksne kyrkjeugler av den mest utbreidde underarten, nominatforma, er kvitflekt brun på oversida, og brunstripa kvit under. Ho har eit stort hovud, lange bein, og gule augo, og kvite augnebryn gjev ho ein strengt uttrykk. Den korte halen medverkar til ein rund og samanhuka positur i sitjestilling. Denne arten har ei «opp og ned»-flukt, vinn høgd med snøgge vengeslag, følgd av dalande glideflukt.[1] Juvenile fuglar er grå, og manglar dei kvite flekkene på hovudet som vaksne har. Lætet er eit grettent kiiiuu og korte kjappe kip kip kip.

Det er 13 godkjende underartar av kyrkjeugle spreidd over store delar av Europa og Asia.[2] Ho er ei av dei mest utbreidde uglene, og på grunn av tilpassinga til menneskelege busetjingar og liten storleik, rangerer ho truleg blant dei mest talrike ugleartane i verda.[treng kjelde]

Dette er ein standfugl som er funne i ope landskap som til dømes parkområde og varierte landbruksområde. Dei tek byttedyr som insekt, meitemark, amfibium, men òg småfuglar og pattedyr. Kyrkjeugla kan åtake fuglar av monaleg storleik som fuglevilt. Ho er delvis dagaktiv og kviler ofte iaugnefallande i løpet av dagen.[3]

Kyrkjeugla blir meir vokal om natta ettersom hekkesesongen nærmar seg. Plasseringa av reiret varierer med habitat, dei byggjer reira i hòler i tre, i fjellsider, elvebankar, husvegger, bygningar og anna.[3] Kyrkjeugler vil òg hekke i tilpassa uglereirkassar. Hoa legg 2-5 egg som ho rugar i 28-29 dagar, det tek ytterlegare 26 dagar til ungane er flygedyktige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hume, Rob (2002), s. 244
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  3. 3,0 3,1 Baker, ECS (1927). Fauna of British India. Birds 4 (2 utg.). Taylor and Francis, London. s. 441–443. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kyrkjeugle