Kyrkslätt
Kyrkslätt | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Landskap Län |
Nyland Södra Finlands län | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
393,3 km² | ||
Innbyggjarar - By |
33568 | ||
Diverse anna | |||
Nettstad: www.kirkkonummi.fi | |||
Plassering | |||
Kyrkslätt (finsk: Kirkkonummi) er ein kommune i det finske landskapet Nyland i Södra Finlands län. Kommunen har ein folkesetnad på 33 568 og eit areal på 393,3 km², av dei er 365 km² land. Kyrkslätt grensar til kommunane Ingå, Sjundeå, Vichtis, og Esbo.
Kommunen er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk (77,9 %) og svensk som minoritetsspråk (18,5 %).
Kyrkslätt var tidlegare ei jordbruksbygd med betydeleg dyreavl. Fisket var òg ein viktig næringsveg. På 1960- og 1970-talet vart Kyrkslätt ein moderne industristad med vekt på teknisk industri. Dei største arbeidsgjevarane i kommunen er L M Ericsson, Danisco, Prysmian Cables and Systems, Nordic Aluminium, Varuboden, Fibox, Johtamistaidon opisto og Gyproc.
I Kyrkslätt ligg arkitekturmuseet Hvitträsk. Det vart bygd av arkitektane Herman Gesellius, Armas Lindgren og Eliel Saarinen på byrjinga av 1900-talet.