Kyríniafjella

Koordinatar: 35°16′59″N 33°32′02″E / 35.283°N 33.534°E / 35.283; 33.534
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

35°16′59″N 33°32′02″E / 35.283°N 33.534°E / 35.283; 33.534

Kyríniafjella
fjell
Land  Kypros
Kart
Kyríniafjella
35°16′59″N 33°32′02″E / 35.283°N 33.534°E / 35.283; 33.534
Wikimedia Commons: Kyrenia mountain range
Pendadáktylos (Beşparmaklar)

Kyríniafjella (gresk Bουνά της Κυρήνειας, Vouná tis Kyrínias eller Bουνά της Κερύνειας, Vouná tis Kerýnias, tyrkisk Girne Dağları) er ei lang og smal fjellkjede som går om lag 150 km langs nordkysten av Kypros. Fjella består hovudsakleg av kalkstein med noko marmor. Det høgaste fjellet er Kyparissóvounos med ei høgd på 1 024 m. Den vestlege delen av fjellkjeda vert kalla Pendadáktylos ('fem fingrar'). Det tyrkiske namnet på desse fjella er Beşparmak, med den same tydinga som på gresk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Desse fjella er ei rekkje av sedimentære formasjonar frå perm til midten av miocen då dei afrikanske og eurasiatiske kontinentalplatene kolliderte. Sjølv om Kyríniafjella berre er halvparten så høge som Tróodosfjella, er dei svært kuperte og stig brått frå Mesaoríasletta, noko som gjev dei ein spektakulær utsjånad.

Sidan fjella ligg nær sjøen har dei lenge vore ein ynda stad for vakttårn og borger, som verna nordkysten av Kypros. Desse borgene oppstod som regel på 900- til 1400-talet, hovudsakleg laga av Austromarriket og familien Lusignan. Borgene Ájos Ilários, Boufavéndos og Kandára ligg på fjelltoppar i fjellkjeda og var strategisk viktige gjennom mellomalderen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]