Kystbergknapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystbergknapp
Foto: Kjetil Lenes
Foto: Kjetil Lenes
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sildreordenen Saxifragales
Familie: Bergknappfamilien Crassulaceae
Underfamilie: Sempervivoideae
Stamme: Sedeae
Slekt: Bergknappslekta Sedum
Art: Kystbergknapp S. anglicum
Vitskapleg namn
Sedum anglicum

Kystbergknapp (Sedum anglicum) er ei plante i bergknappfamilien.

Kystbergknappen blir to til sju cm høg og veks i matter. Blada er blågrøne og eggforma, og blir to til fire mm store. Når kystbergknappen blir eksponert for mykje sol vil både blada og stengel bli raudleg, det er eit vern mot for mykje sol til cellene der fotosyntesen skjer. Som dei fleste bergknappar har kystbergknappen fem kronblad. Kronblada er spisse og er bleikrosa eller kvite med raudlege prikkar. Kystbergknappen blømer i juni-juli.

Planta kan forvekslast med kvit bergknapp, men kronblada hos kvit bergknapp er butte og reint kvite. Dessuten veks ikkje planta i matter slik som kystbergknapp. Utan blomar er det vanskeleg å skilje mellom kystbergknapp og bitterbergknapp, men hos bitterbergknapp er blada breiast nedst i motsetnad til kystbergknappen der blada er breiast på midten.

I Noreg er planta ganske vanleg nord til Nord-Trøndelag, men stort sett berre i ytre delar av kysten.

Kystbergknapp er kommuneblom i Frøya kommune.

Kystbergknapp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]