Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kystmuseet)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°35′20″ N 5°2′34″ E

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Kystmuseet Floroe.jpg
Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Stad Florø
Skipa 1980
Museumstype ålment kulturhistorisk museum
Direktør Berit Høivik
Nettstad www.kyst.museum.no

Kystmuseet i Sogn og Fjordane er eit eit distriktsmuseum for kyststroka og ei avdeling av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Utstillingar på museet speglar livet ved kysten av Sogn og Fjordane frå midten av 1700-talet og fram til i dag. Gjenstandane fortel om fiskerinæringar og sjøfart, om kystorienterte handverk, om fiskarbondens liv og om livet i byen Florø. Mange av museet sine gjenstandar kan ein sjå på Digitalt Museum.

Ansvarsområde[endre | endre wikiteksten]

I Museumsplan for Sogn og Fjordane vert det slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll og Flora. I kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje skal Kystmuseet ha ansvar for oppgåver som er spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver skal leggast til Nordfjord Folkemuseum.

Kystmuseet i Florø[endre | endre wikiteksten]

Museet har hovudbase i Florø og består av 3 museumsbygg og eit 74 mål stort friluftsområde der ein finn både gardstun, tettstad, fiskevær og anna. Dei tre museumsbyga inneheld administrasjon, fagbibliotek, arkiv og arbeidsplassar for 7 tilsette. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.

Kulturlandskap langs kysten[endre | endre wikiteksten]

Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal.

Båtsamlinga[endre | endre wikiteksten]

Kystmuseet har ei stor båtsamlinga; Ein finn blant anna «Bakkejekta» frå midten av 1700-talet. Museet er medeigar i galeasen Svanhild og M/S Atløy, og eigar av råsegljekta Svømianna og autolinebåten Haugefisk. Fartøya er representantar for båttypar som har vore vanlege ved kysten av Sogn og Fjordane. Museet har også hovudansvar for fartøyvern i fylket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]