Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Kystmuseet i Sogn og Fjordane | |||
![]() | |||
Kystmuseet i Sogn og Fjordane | |||
Stad | Florø | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1980 | ||
Museumstype | ålment kulturhistorisk museum | ||
Direktør | Berit Høivik | ||
Nettstad | www.kyst.museum.no | ||
![]() Kystmuseet i Sogn og Fjordane |
Kystmuseet i Sogn og Fjordane er eit distriktsmuseum for kyststroka og ei avdeling av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Utstillingar på museet speglar livet ved kysten av Sogn og Fjordane frå midten av 1700-talet og fram til i dag. Gjenstandane fortel om fiskerinæring og sjøfart, om kystorienterte handverk, om livet til fiskarbonden og om livet i byen Florø. Mange av museet sine gjenstandar kan ein sjå på Digitalt Museum.
Ansvarsområde[endre | endre wikiteksten]
I Museumsplan for Sogn og Fjordane vert det slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll og Flora. I kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje skal Kystmuseet ha ansvar for oppgåver som er spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver skal leggast til Nordfjord Folkemuseum.
Kystmuseet i Florø[endre | endre wikiteksten]
Museet har hovudbase i Florø og består av 3 museumsbygg og eit 74 mål stort friluftsområde der ein finn både gardstun, tettstad, fiskevær og anna. Dei tre museumsbyga inneheld administrasjon, fagbibliotek, arkiv og arbeidsplassar for 7 tilsette. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.
Kulturlandskap langs kysten[endre | endre wikiteksten]
Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal.
Båtsamlinga[endre | endre wikiteksten]
Kystmuseet har ei stor båtsamling, blant anna «Bakkejekta» frå midten av 1700-talet. Museet er medeigar i galeasen «Svanhild» og M/S «Atløy», og eigar av råsegljekta «Svømianna» og autolinebåten «Haugefisk». Fartøya er representantar for båttypar som har vore vanlege ved kysten av Sogn og Fjordane. Museet har også hovudansvar for fartøyvern i fylket.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Store Norske Leksikon: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
- Kystmuseet i Sogn og Fjordane Arkivert 2013-01-27 ved Wayback Machine.
- Digitalt Museum: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Kystmuseet i Sogn og Fjordane Arkivert 2013-01-28 ved Wayback Machine. ved Digitalt Museum