Kystvakta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den norske Kystvakta. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kystvakt.
KV «Svalbard»

Kystvakta er ei av tre hovudeiningar i det norske Sjøforsvaret. Ho blei oppretta i 1977 i samband med at Noreg etablerte ei økonomisk sone på 200 nautiske mil. Det tidlegare fiskerioppsynet blei lagt ned. Kystvakta sine oppgåver er suverenitetshevding i norske farvatn, fiskeri-, toll- og miljøoppsyn, anløpskontroll, redningsteneste og bistand til havs.

I 2004 blei bruksvaktoppgåvene overførte til bruksvaktsentralen på Sortland. Nye viktige oppgåver for dei store fartøya er slepeoppdrag og oljevern i samband med oljeutvinninga i nord og assistanse ved transport av store mengder olje langs kysten.

I 2013 hadde Kystvakta eit budsjett på ca. 1000 millionar kroner og ca. 370 tilsette. I tillegg er det ca. 80 innleigde frå sivile reiarlag og i støttefunksjonar på land. Ca. 330 vernepliktige gjer førstegangstenesta si i Kystvakta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fiskerioppsynstenesta som blei etablert i 1907 hadde tre hovedoppgåver: Grenseoppsyn – kontroll med at utanlandske fartøy respekterte nasjonale grenser og reglar, hjelpeteneste – assistere fartøy som var i naud eller trong anna hjelp, og bruksvakthald – vakthald over uteståande fiskebruk.

Etter andre verdskrigen blei fiskerioppsynstenesta lagt til Sjøforsvaret, og fram til 1961 blei mykje av oppsynet utført av ordinære marinefartøy og innleigde fiskebåtar. Frå denne tida stammar praksisen med å leige inn private kystvaktfartøy til statlege oppgåver – ei ordning som no vert kritisert frå fleire hald, og som Forsvaret ønsker å endre.[1]

I 1961 utvida Noreg fiskerisona til 12 nautiske mil og fiskerioppsynstenesta blei omorganisert og utskilt med eigen sjef, personell og fartøy under namnet Det sjømillitære fiskerioppsyn. Då avtalen om regulering av fisket i det nordaustlege Atlanterhavet (NEAFC) tredde i kraft i 1970 blei seks norske fartøy påmelde som inspeksjonsfartøy. På denne tida disponerte fiskerioppsynet seks eigne fartøy i kontinuerleg drift, tre som var i drift i kortare periodar og diverse fiskebåtar som blei innleigde til bruksvakthald.

På 1970-talet blei det klart at olje- og gassverksemd og auka internsjonal merksemd mot fiskeriressursane auka krava til fiskerioppsynet, og i 1974 blei det såkalla Stoltenberg-utvalget sett ned. Utvalet si innstilling gav grunnlaget for skipinga av Kystvakta i 1977, samstundes som den norske økonomiske sona på 200 nautiske mil blei etablert.

I samband med skipinga av Kystvakta blei materiellsituasjonen kraftig forbetra. Kystvakta fekk 10 fartøy, sju innleigde fartøy og tre store helikopterberande fartøy av Nordkapp-klassen. Kystvakta fikk også to Lockheed P-3 Orion patruljefly.

I 1996 fekk Kystvakta ansvaret for å utføre ulike tilsyns-, kontroll- og aksjonsfunksjonar i dei indre kystfarvatna. Dette førte til skipinga av Indre Kystvakt (IKV), der kysten blei delt opp i sju soner, med eitt IKV-fartøy i kvar sone.

Kystvakta blei organisert som eit kystvaktinspektorat i Sjøforsvaret, med ein kystvaktinspektør som sjef. Tenesta blei delt i to regionale einingar: Kystvaktskadron Sør og -Nord, med eit skilje ved 65 grader nord. KV Sør blei lokalisert til Haakonsvern, mens KV Nord etter ein politisk strid blei lagt til Sortland.

I 2003 blei Kystvakta ei eiga driftseining i Sjøforsvaret og Kystvaktinspektøren, med hovudsete i Oslo, blei sjef for Kystvakta. Frå 1. januar 2012 blei sjefen for Kystvakta med stab flytta til Sortland i Vesterålen, og dei to skvadronane blei lagde ned.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Sjefen for Kystvakta med stab har hovudkvarter ved Sjøforsvarets kystvaktstasjon, Sortland (SKYS). Sjefen for Kystvakta har både administrativ og operativ kommandomyndigheit over Kystvaktas 15 fartøy. Kystvaktstaben er organisert i følgjande avdelingar: Administrasjonsavdeling, Operasjonsavdeling, Teknisk avdeling, Fagavdeling og Kystvaktas kompetansesenter (på Haakonsvern).

Kystvakta sine operasjonar kan delast inn i tre einingar:

Kystvakta har avgrensa politi-, inspeksjons- og kontrollmyndigheit. Ho kan òg setje i verk tvangstiltak. Lov om Kystvakten av 1997 regulerer kva makt og myndigheit Kystvakta har.

Fartøy[endre | endre wikiteksten]

KV «Harstad» i Harstad
KV «Ålesund» i Bergen

Kystvakta leiger 5 av totalt 15 fartøy – frå sunnmørsreiarlaga Remøy Shipping, Remøy Management, Fosnavåg Shipping og BOA Offshore AS. Reiarlaga har ansvaret for den tekniske drifta og vedlikehaldet av skipa.[1]

Kystvakthelikopteret under landing KV-Senja

Ytre kystvakt[endre | endre wikiteksten]

Indre kystvakt[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare kystvaktfartøy[endre | endre wikiteksten]

KV «Nysleppen»
KV «Åhav»
  • KV «Agder» – tenestegjorde i indre kystvakt hos KV-sør, teken ut av tenesta sommaren 2006.[4]
  • KV «Chieftain» (1983) – ankerhandteringsfartøy innleigd frå Bourbon Offshore 2006–2008 – fylte inn for den forseinka KV «Barentshav» i den statlege slepebåtberedskapen sammen med Kystverkets MS «Beta».
  • KV «Eigun» – teken ut av KV Sør i 2008.[5]
  • KV «Eldjarn» – teken ut av KV Nord si teneste sommaren 1991.
  • KV «Garpeskjær» – W 318. Tenestegjorde i KV Nord.
  • KV «Grimsholm» – tenestegjorde i KV Nord.
  • KV «Kim» – W 312.
  • KV «Kongsøy» – bruksvakt- og skuleskip. Ansvarsområde mellom 69 grader nord og 19 grader aust (i området utanfor Tromsø).
  • KV «Lafjord» – teken ut av KV Sør i 2008.
  • KV «Leikvin» (1969) – tidlegare snurpar, overtok for KV «Tromsø» fram til Barentshav-klassefartøyet KV «Bergen» blei sett inn.
  • KV «Magnus Lagabøte» (W335) – fartøy i Reine-klassen, overført frå Heimevernet til Sjøforsvaret i januar 2013.
  • KV «Malene Østervold» – hadde kontrakt ut 2006 (innleigd frå Shipman).
  • KV «Nordsjøbas» – tenestegjorde i ytre kystvakt i KV sør og KV nord frå 1980 til 2003.[6]
  • KV «Volstad Jr» – W 316. Tenestegjorde i KV Sør.
  • KV «Nysleppen».
  • KV «Sjøveien» – kombinert IKV/ BV.
  • KV «Sture Gøran»
  • KV «Stålbas» (1955) – tidlegare fiskefartøy, i Kystvakta si teneste 1976–2009.
  • KV «Titran»
  • KV «Thorsteinson» – ansvarsområdet mellom 69 grader nord og Røst.
  • KV «Tromsø» – (midlertidig) erstatta av KV «Leikvin» i mars 2006[7]
  • KV «Åhav» – ansvarsområde mellom Bodø og Rørvik.
  • KV «Ålesund» – innleigd frå Fosnavåg Shipping A/S, kontrakt til april 2016, bygd for kystvaktteneste

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Forsvaret vil eie kystvaktskipene». Aftenposten, 10. april 2008, side 14.
  2. Håkon Høgetveit (27. november 2006). «Beredt for det meste». Forsvarsnett. Arkivert frå originalen 18. mai 2007. 
  3. mil.no, arkivert frå originalen 18. februar 2015, henta 2. august 2013 
  4. mil.no
  5. mil.no
  6. mil.no
  7. mil.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]