Kystverkmusea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kystverkmusea er etatsmuseet til det norske Kystverket. Museumsnettverket vart oppretta i 2008 med fire sjølvstendige museer: Lindesnes fyr, Jærmuseet, Stiftinga Sunnmøre Museum og Museum Nord. I 2016 vart Kystverkmusea utvida med eit femte; Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark.

Kystverkmusea er eit kompetansesenter for dokumentasjon og formidling av Kystverket sitt ansvarsområde. Dette omfattar tidlegare Fyr- og merkevesen, Hamnevesen, Losvesen, trafikkovervåking og oljevernberedskap. Direktør på Lindesnes fyr, Jo van der Eynden, har i tidsbolken 2009-2016 fungert som koordinator for museumsnettverket. Frå 1. august 2016 fungerer den nye direktøren ved Lindesnes fyr, Knut Baar, som koordinator.

Dei fem musea som geografisk dekker heile landet har prioriterte fagoppgåver.

Lindesnes fyr har det koordinerande ansvaret i museumsnettverket. Museet fokuser særleg på overordna nasjonale og internasjonale kontakt og perspektiv. Elles følger museet opp i saker frå svenskegrensa til Åna-Sira.

Jærmuseet har eit fagleg fokus på losvesen og moderne trafikkovervåking. Jærmuseet er særleg kjent for sin kompetanse innan vitensenter drift og formidling. I det daglege arbeidet er Tungenes fyr den avdelinga som følger opp arbeidet innan Kystverkmusea.

Musea på Sunnmøre har eit særleg fokus på Fyr- og merkevesenet. Musea på Sunnmøre har eit regionalt fokus på formidling. Det daglege arbeidet i Kystverkmusea vert følgt opp av Dalsfjord Fyrmuseum.

Museum Nord har eit særleg ansvar for dokumentasjon, formidling og kunnskap om Hamnevesenet, samt eit særleg ansvar for fotodokumentasjon. Det daglege arbeidet vert følgt opp av Lofotmuseet.

Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark har særleg to avdelinger som arbeider med maritim infrastruktur. Slettnes fyr i Gamvik og Berlevåg havnemuseum.

Kystverkmusea deltek i fleire ulike prosjekt, blant andre heftet Riksvei nr. 1, Tokt med Gamle Oksøy, biletspelet Glimt frå fyr, Losutstilling, dokumentasjon av hamner, fyr og fyrbyggarutstilling i Dalsfjord, Flåværprosjektet, Maritimt kulturlandskap, Farleia og Kystreise.no.

Kystverkmusea formidlar fagstoff via skriftserien Kystens veivisere. Følgjande titlar har kome ut:

  • Nr. 1 Lindanger, B. (red) 2009 Kystens veivisere 2008-2009
  • Nr. 2 Ersland, B. A. 2010 Fyrbyggerne
  • Nr. 3 Bjørklund, J.G. og Christensen, A.E. 2012 Peter Norden Sølling.
  • Nr. 4 Bjørklund, J. G., Baar, K. Christensen, A. E. og van der Eynden, J. 2016 Fyrdiriks ISBN: 978-82-92994-04-7
  • Nr. 5 Lauritzen, P. R. 2019 Norske fyrstasjoner. Besøksfyr langs hele kysten. ISBN: 9788292994054

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]