Kysuca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kysuca
elv
Kysuca.jpg
Kysuca nær Kysucké Nové Mesto etter eit sommaruvêr
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Nedslagsfelt 1 053 km²
Lengd 66 km
Middelvassføring 17,3 /s
Kjelde nær landsbyen Makov
Munning Váh
Wikimedia Commons: Kysuca

Kysuca (ungarsk Kiszuca) er ei 66 km lang elv nord i Slovakia og ei av sideelvane til Váh frå høgre. Elva har gjeve namn til den uoffisielle regionen Kysuce.

Elva spring ut nær landsbyen Makov. Først renn elva sørvestover, rundt Javorníky til høgre og Kysucké Beskydy-fjella til venstre, før ho renn gjennom Turzovka og byen Čadca. Frå her snur ho sørover og renn mellom Javorníky til høgre og Kysucká vrchovina til venstre. Ho passerer Horelica, Krásno nad Kysucou, Kysucké Nové Mesto før ho munnar ut i Váh i Žilina. I Kysucadalen sør for Čadca, går ei jernbanelinje og E75.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°14′N 18°44′E