Köniz

Koordinatar: 46°56′0″N 7°24′0″E / 46.93333°N 7.40000°E / 46.93333; 7.40000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Köniz
Den protestantiske kyrkja i Köniz til venstre, med borgslottet til høgre
Den protestantiske kyrkja i Köniz til venstre, med borgslottet til høgre
Den protestantiske kyrkja i Köniz til venstre, med borgslottet til høgre
Kommunevåpenet til Köniz
Kommunevåpenet til Köniz


Plassering
Köniz is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Bern-Mittelland
Språk tysk
Borgarmeister Luc Mentha
Geografi
Flatevidd
 - kommune

51,2 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

39 102
  763,7 /km²
Koordinatar 46°56′0″N 7°24′0″E / 46.93333°N 7.40000°E / 46.93333; 7.40000
Høgd over havet 572 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3098
Nettstad: www.koeniz.ch

Köniz er ein kommune i Bern-Mittelland i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 39 102 innbyggjarar (2010) og eit areal på 51 km². Kommunesenteret ligg 572 meter over havet. Byen er den 15. største i Sveits. Trass i det høge talet på innbyggarar har kommunen meir preg av landsby enn by. Kommunen har elles namn etter den største landsbyen, Köniz, med i knappe 7 000 innbyggarar.

Kommunen ligg i storbyområdet kring Bern, eit par-tre kilometer sørvest for bysentrum i Bern. Han strekkjer seg frå Aare i nordaust Schwarzwasser og Sense i søraust. Han består av landsbyane Köniz og Wabern i sentrum, hagebyen Liebefeld am Könizberg og Spiegel am Gurten samt fleire andre busetnader, som Niederwangen, Oberwangen og Thörishaus i Wangendalen samt Schliern, Schwanden, Niederscherli og Oberscherli, Mittelhäusern og Gasel.

Köniz har mange arbeidsplassar. Bedrifter som Berner Kantonalbank og Swisscom har mange tilsette i landsbyen Liebefeld. Både Sveits sitt veterinærdirektorat og helsedirektorat har sine hovudkontor i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]