Láilá Susanne Vars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Láilá Susanne Vars
Laila Susanne Vars (Árja) (10328355366).jpg
Fødd19. august 1976
Láhpoluoppal
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar
Alma materUniversitetet i Tromsø

Láilá Susanne Vars (fødd 19. august 1976) er ein norsk jurist og samisk politikar. Ho var partileiar i Árja frå 2008 til 2012 og var sametingsrepresentant frå Ávjovárri valkrins i perioden 2009-2013.[1] Ho var då visepresident i Sametinget og medlem av Sametingsrådet. Vars blei vald inn igjen til Sametinget for perioden 2013-2017, men gav melding om at ho trekte seg frå politikken i 2016. I august 2019 byrja ho som rektor ved Samisk høgskole.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Láilá Susanne Vars på Sametinget i 2011.

Vars er frå Láhpoluoppal i Kautokeino kommune. Ho er utdanna cand. jur. og har graden Ph.D. i rettsvitskap frå Universitetet i Tromsø.[3] Doktorgraden handla om samisk sjølvbestemming.[4]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Ho var direktør ved Gáldu - Kompetansesenteret for urfolks rettigheter fram til 1. januar 2017, då dette blei del av Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og Vars blei fagdirektør her. Stillinga gav ho ei rolle med å overvåka rettane til urfolk, noko som omfatta Sametinget, og dette gjorde at ho måtte trekka seg frå den samiske politikken.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Åse Pulk og Marit Elin Kemi: «Størst i den største kretsen» på nettstaden til NRK Sámi Radio. Publisert 15. september 2009
  2. Larsen +47 948 95 453, Tekst: Hege (11. april 2019). «Vars valgt til rektor på Samisk høgskole». khrono.no (norsk). Henta 11. april 2019. 
  3. Presentasjon av Láilá Susanne Vars på nettstaden til NRK Sámi Radio
  4. Siv Eli Vuolab (24.02.2012), «Jeg forlater ikke partiet mitt», NRK Sápmi (NRK.no) 
  5. Kjell Are Guttorm (20.07.2016), «Hun seiler opp som ny presidentkandidat for Árja», NRK Sápmi (NRK.no)