Lárissos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lárissos
Λάρισσος
elv
Land Flag of Greece.svg Hellas
Lengd om lag 25 km
Kjelde Akhaía
Munning Pátrabukta i Det joniske havet

Lárissos (gresk Λάρισσος) eller Larisos, eldre namn Riolitiko, er ei elv som renn vest i periferieininga Akhaía i Hellas.

Ho har sitt utspring i Skóllisfjella og renn forbi Mataránga, Riólos, Kagádi, Apideónas og Láppa. Ho munnar ut i Pátrabukta i Det joniske havet.

I antikken danna ho delar av grensa mellom Akhaía og Ilía. Nær elva ligg dei antikke byane Dyme (Dými) og Lárisa. I følgje gresk mytologi drakk Herakles av vatnet i elva og tok det med seg for å vaske dei egeiske stallane.

Elva har gjeve namn til den tidlegare kommunen Lárissos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]