László Bölöni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
László Bölöni
Ladislau Bölöni.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn László Bölöni
Fødd 11. mars 1953 (68 år)
Fødestad Târgu Mureş i Romania
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Royal Antwerp (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970–1984 Târgu Mureş 406 (64)
1984–1987 Steaua București 97 (16)
1987–1988 Racing Jet Wavre 16 (0)
1988–1989 Créteil 11 (2)
1989–1992 Orléans 77 (4)
Totalt 607 (94)
Landslag
1975–1988 Romania 102 (23)
Trenar for
1994–2000 Nancy-Lorraine
2001–2003 Sporting
2003–2006 Rennes
2006–2007 Monaco
2007–2008 Al-Jazeera
2008–2010 Standard Liège
2010–2011 Al-Wahda
2011 Lens
2011–2012 PAOK
2012–2015 Al Khor
2015 Al-Ittihad
2017– Antwerp
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

László Bölöni (fødd 11. mars 1953) er ein tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Romania. Han var i 1986 med å vinne europacupen i fotball med FC Steaua București.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bölöni er etnisk ungarar og var frå 1970 til -84 aktiv på topplaget frå heimbyen Târgu Mureş. Perioden 1984-87 spelte han på Steaua, der han hadde ei sentral rolle på midtbana då laget vann Europacupen i fotball 1986. Vinteren 1988 reiste han til Belgia og spelte dei neste fire åra for klubbar på lågare nivå i belgisk og fransk klubbfotball. Bölöni vart kåra til årets spelar i Romania i 1977 og i 1983.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Böloni deltok i sin fyrste landskamp 4. juni 1975 då Romania på heimebane slo Danmark 4-0 i ein OL-kvalifiseringskamp. 13 år seinare spelte han sin 108. og siste landskamp i Amsterdam, i møtet med den blivande europameisteren Nederland måtte han som kaptein sjå mannskapet sitt tape 0-2. Böloni skåra 25 landslagsmål og spelte alle tre kampane då Romania deltok i EM i fotball 1984.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1986: FC Steaua București
  • Seriemeister: 1985, 1986, 1987: FC Steaua București
  • Cupvinnar: 1985 og 1987: FC Steaua București

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Bölöni har sidan 1994 var lagsjef (trenar) i ei rad fotballklubbar, for ein stor del i Belgia og Frankrike. Han leia i 2002 Sporting CP til liga- og cuptriumf i Portugal, og Standard Liège til ligapokal i Belgia i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]